Grøn, Fornybar energi
Kraftige Ryfylke
I Norge produserer me 150 TWh med elektrisitet kvart år. Det er eit stort tal. 12 prosent av all denne krafta kjem frå Ryfylke. Ikkje verst! Gjennom fleire generasjonar har vasskraft vore avgjerande for etablering av kraftkrevjande industri i bygdene i Ryfylke.
Ryfylke har:
Tilgang og nærleik til fornybar energi
Norges største kraftverk og Norges største energimaskin
Godt med regn – en følgjesven og ressurs
Lokale satsingar gjev globale løysingar
Grøn, fornybar energi
Grøn eller fornybar energi, er ganske enkelt energikjelder som me ikkje går tom for. Døme er solenergi, vass- og vindkraft. Me snakkar om langt meir berekraftige ressursar enn fossile energikjelder som olje, gass og kol. Vasskraft er rein energi, som ein del av jorda sitt eige kretsløp. All el-produksjon i Norge kjem frå fornybare kjelder, og av desse er vasskrafta den desidert største.
I Ryfylke har fornybar energi skapt levebrød og arbeidsplassar i over 100 år. Ja, både til dei som er direkte knytt til sjølve industrien, i tillegg til eit mangfald av verksemder som er nødvendige for å etablera og utvikla gode lokalsamfunn.
Animasjon: Saudefaldene
Utdanning
Energisektoren er i endring. I mangfaldige år har kol, olje og gass vore dominerande energikjelder. I dei komande tiåra vil me sjå ein breiare miks av energiformer, spesielt innan fornybar energi.
Universitetet i Stavanger (UiS) tilbyr bachelorstudium i energi- og petroleumsteknologi med fokus på å utdanna ingeniørar med hybrid energikompetanse.
Stavanger og Rogaland blir av mange omtala som energihovudstaden. Gjennom generasjonar er det utvikla og bygd erfaringar innan shipping, mekanisk industri og høgteknologi. Olje- og gassindustrien vil halda på i mange år framover. Og kreativiteten og erfaringa som du finn frå denne næringa, skal vera med å sikra at me når måla om omstilling til meir berekraftige energiformer.
Her er Ryfylke som region i front, både med tanke på tilgang, kompetanse og areal.
Sjå også utdanningstilboda frå Strand vidaregåande skule og Sauda vidaregåande skule.
Visste du at…
- Blåsjø er ein kunstig innsjø som ligg i Ryfylkeheiane og Setesdal. Ja, Blåsjø er det største energimagasinet i Norge, og består av 11 små og store dammar. Blåsjø var ein del av Ulla-Førreutbygginga i Suldal frå 1974 til 1988, og Ulla-Førre-verka er det største vasskraftanlegget i Nord-Europa. Årleg produksjon er om lag 4,45 TWh. Då er det krefter i sving.
- Det inngår fleire kraftverk i Ulla-Førre kor det største er Kvilldal kraftverk (Suldal) med installert effekt på 1240 MW. I tillegg kjem Saurdal kraftverk (Suldal), Hylen vasskraftverk (Suldal) og Stølsdal kraftverk (Hjelmeland).
- Det er 165 vasskraftverk i Rogaland. Dei fleste av desse ligg i Ryfylke.
Kjelde: New Kaupang AS.
På nettsida newkaupang.no finn du meir om korleis New Kaupang organiserer tilgangen til areal, infrastruktur og kraft, kompetanse og nettverk i Rogaland. Det blir gjort for å bidra til industriell transformasjon, skapa fleire og nye arbeidsplassar, berekraftige verksemder og industrielle klynger.
Vatn er ein fornybar og fleksibel energikjelde. Vatn kan lagrast i vassmagasin over lang tid eller bli sendt til vasskraftverk. Her tar turbinane imot vatnet, og ein generator gjer vasskrafta om til elektrisitet. Elektrisiteten blir transformert til høg spenning og blir sendt ut på straumnettet til oss som forbrukarar. Deretter held vatnet fram med sitt kretsløp. Om og om og om og om igjen …
Animasjon: New Kaupang