Hald varmen på Rennesøy

feb 11, 2022 | Framside, Nyhende

Kva skjuler seg eigentleg i fjellet til Green Mountain? For her blir det varmt når svære hallar er blitt til datalagring i verdsklasse. Og vips der blei det lagt ein 700 kilometer lang fiberleidning til England.

Varmt må det også vera når hundre tusenar av tomatplantar skal veksa. Og endeleg er det litt godt nytt for tomatgartnarar som har fått tidenes straumrekning i trynet. Me held varmen når me er på turntrening med 5-åringar på Rennesøy. Og utan ungdomane er ikkje eit slikt tilbod mogleg. Møt reiselivsoperatøren som drog på studietur med bubil i pandemi, og fann løysinga med parkering, overnatting og ikkje minst, varme burgarar av lokalt kjøt og med originale, lokale namn. Ryfylkepuls frå Rennesøy ser du her.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Det er konkurransetid i Ryfylke! Denne gongen lurar me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få...

Pulserande Arena Ryfylke

Pulserande Arena Ryfylke

Bli med på innsida og utsida av storarrangementet Arena Ryfylke, nesten som julaftan, nasjonaldag og bursdag på ein gong i Ryfylke. Denne gongen på Tau i Strand kommune. Temaet var Verdien av vekst. 130 deltakarar møtte opp...

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...

Pin It on Pinterest

Share This