Ryfylkingen ser også fram til 2021. Ja, sjeldan har vel så mange gleda seg til eit nytt år, som nettopp i år. Får me normalisering av samfunnet og kva blir det med 2021? Me har håp!
Dei er fire ulike representantar for nærare 170 medlemer i Ryfylkealliansen. Målet er å skapa verdiar, bulyst og identitet i Ryfylke, og verkemidla er ulike. Ikkje rart når ein held på med alt frå handverk, båttransport, friluftsområde og til kamp mot lakselus. Felles for dei alle: Både Lars Rødne, Berit Fløgstad Berg, Christian Eritzland og Hans Olav Sandvoll har håp for 2021.
Me har spurt dei eit enkelt, men likevel vanskeleg spørsmål: Ja, kva håp har du for 2021? Og delt spørsmålet i tre:
- Håp for deg sjølv/di verksemd/arbeidsplass.
- Håp for Ryfylke.
- Håp for verda.
Lars Rødne i Rødne
Lars André Rødne er dagleg leiar i hurtigbåtreiarlaget Rødne, med base i Sjernarøyane heilt nord i Stavanger kommune. Reiarlaget har i 2020 mellom anna investert i verdas raskaste batteridrivne hurtigbåt «Rygerelektra». Og det i eit år der turistane forsvann, som følgje av korona. Nå gler også Rødne seg til å levera ein flunkande ny ambulansebåt (sjå fotoillustrasjon) på nyåret. Rødne har gjennom «Rygerdoktoren» vore til stor glede og tryggleik for Ryfylke i årevis. Nå kjem ny båt i 2021.
Håp for 2021:
- Normalisering av samfunnet med sosial omgang og gode sosiale opplevingar.
- Samhald på tvers av dei rare kommunegrensene.
- Fred i verda.
Berit Fløgstad Berg i Ingeborg Handverk
Ovanfor Sauda, på smale vegar i retning Røldal, finn du Allmannajuvet klemt inn i fjellet. Dei gamle sinkgruvene frå siste del av 1800-talet er blitt ein turistattraksjon, og promotert høgt på Nasjonale Turistvegar. Gruvesluskane var naturleg nok mannfolk. Men, det var ei kvinne, Ingeborg, som køyrde sinken med hest og kjerre ned til Sauda. Fem godt vaksne kvinner (som dei seier sjølv) elskar å strikka og er inspirerte av Ingeborg. Og desse fem har etablert Ingeborg Handverk, som er eit samverkeføretak. Kvintetten utviklar strikkeprodukt, som blir seld i Allmannajuvet.
Berit Fløgstad Berg i Ingeborg Handverk har sine Håp for 2021:
- Betre promotering og det å gjera Ingeborg Handverk kjent
- Eit ønske om ei Ryfylkehua og eventuelt vottar
- Meir gjenbruk av alt og mindre matkasting
Christian Eritzland i Seafarm Development (SFD)
Ryfylke har mykje fisk, ikkje minst oppdrettslaks. Og gjengen i SFD jobbar intenst med å få kontroll på lakselus med hjelp av straumgjerde. Ja, som dei sjølv seier; Ein miljøvenleg og handteringsfri løysing, med låge kostnader. Anlegget til SFD ligg i Hjelmeland. Dei siste fem åra har selskapet drive intenst med forsking og utvikling.
Christian Eritzland er Key Account Manager og Project Manager I SFD, og har klare håp for 2021:
- Me ser fram til eit nytt år med nye moglegheiter. Selskapet vårt har nyleg har gått frå å driva med forsking og utvikling til å bli ein kommersiell leverandør av ein unik berekraftig løysing mot lakselus i oppdrettsnæringa.
- Endå betre tilrettelegging for turistnæringa i Hjelmeland med auka fokus på laks og oppdrett.
- At me får kontroll på den pågåande Covid 19-situasjonen og vaksinering.
Hans Olav Sandvoll i Ryfylke Friluftsråd
Det er sjøen som er arbeidskvardagen også i Ryfylke Friluftsråd. Friluftsrådet er eit interkommunalt samarbeidsorgan. Hovudoppgåva er å sikra, tilretteleggja og drifta område for ulike former for friluftsliv. Ja, slik at du og eg kan bruka og nyta livet i frisk luft. Ikkje minst legg Ryfylke Friluftsråd til rette for båtfolket i heile Ryfylke. Friluftsrådet har eigne anlegg og kaiar rundt i heile Ryfylkebassenget. Strandrydding er også eit viktig arbeidsområde for dagleg leiar Hans Olav Sandvoll og hans medarbeidarar.
Håp for 2021:
- 2021 blir året eg kjem til å setja ekstra pris på fri bevegelse og sosial omgang. Det blir året der folk ferierer i natur og friluftsliv, ikkje berre fordi dei må. Og eg håpar 2021 igjen blir året der me med godt samvit kan invitera til større møte og konferansar.
- For Ryfylke vonar eg på eit år med mindre regn og vind. Og eit år med mykje besøk i friluftsområde og reiselivsanlegg. Ja, eit år, nesten utan smittefare.
- For verda håpar eg på fleire, kloke internasjonale leiarar, i tillegg til eit år med like mykje samfunnsdugnad og omtanke som i 2020.