Haustgleder i Ryfylke

aug 12, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Då er det ofte snakk om mat. Ryfylke i august og september er gjerne ein festival og to. Tomat, frukt og laks står i høgsetet!

Klar for mat- og kulturgleder? Like sikkert som mai og juni er festivaltid i Ryfylke, er også august og september det same. Då er fokuset retta mot godsaker frå fjord, jord og veksthus. Mange veit at Finnøy er den største tomatkommunen i Norge, og fleire er klar over at frukthaust og lakseprodukt er Hjelmeland. Helga 16.-18. august inviterer finnøybuen derfor til Tomatfestivalen, medan Hjelmeland byr på Norsk Frukt- og Laksefest 6.-8. september.

Dei to matfestivalane er blitt blant dei mest kjente festivalane i Rogaland, og er passe store i omfang og besøk. Tomatfestivalen byr både på tacofest for heile familien, matshow, matlaging for barn, søkk og kav av aktivitetar, løpsfest, konsertar og den store tomatbasaren. Meir om program og informasjon finn du på www.tomatfestivalen.no

Norsk Frukt og Laksefest er kjent for ei fantastisk handverksutstilling på Spinneriet, i tillegg til konsertar, matopplevingar, kokkekurs for barn, andaløp og open dag på Helgøy. Meir ser du på www.fruktoglaks.com.

Kos deg med mange matgleder!!

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This