HAVBRUK i ryfylke

Ryfylke – Blått og godt

I Ryfylke har me alltid levd av det sjøen gjev. Vår region har følgd og prega havbrukseventyret i nærare 40 år. Ja, Ryfylke er eit av dei viktigaste områda i Norge med tanke på havbruk, både innan produksjon, utdanning, forsking og utvikling. Den blå åkeren er med og pregar det grøne skiftet. Produksjon og prosessar endrar seg for å gje folk sunn, rein og berekraftig mat. Variasjonen i type arbeid er stor, og moglegheitene endå større.   

Ryfylke byr på:

Topp moderne utdanning

Varierte moglegheiter –
både praktiske og teoretiske

Forsking og utvikling
i verdsklasse

Næring i stadig endring –
mest mogleg miljøvennleg

Moglegheiter

Før var oppdrett og havbruk knytt til at ein jobba på eit anlegg og passa på fisk i merdar. Oppdrettsrøktarar er framleis viktige, men funksjonane og oppgåvene er blitt så mange, mange fleire.

  • I Ryfylke kan du jobba på anlegg både for MOWI, Grieg Seafood, Bremnes Seashore og Eidesvik Laks.
  • I Jøsenfjorden har Sterling White Halibut oppdrettsanlegg for kveite
  • Det blir større satsing på lukka anlegg, både på land og i sjøen. Tytlandsvik Aqua er blant dei første i landet med såkalla RAS-anlegg (resirkulerande akvakultur-system) på land. Fish Globe er ja, nettopp som ein globe, som duppar ved innløpet i Lysefjorden.
  • Skretting er blant dei som jobbar mest innan forsking på alt frå laksevelferd til berekraft. Forskingsstasjonane på Lerang og Vindsvik (Centre for Aquaculture Competence CAC) er verdsleiande.

Det er fleire aktørar innan reinsefisk. Desse produserer og leverer leppefisk, rognkjeks og andre artar, som er viktige i å kjempa mot lakselus.

Teknologien er i stadig endring. Mange firma med bakgrunn frå olje- og energibransjen, satsar også tungt inn mot havbruk.

Utdanning

Strand vidaregåande skule har den mest moderne fagutdanning i Norge innan fiskeri- og havbruk. Når elevane skal i andre klasse, vel dei fleste akvakultur, medan resten vel Fiske og Fangst.

  • Det er stort behov for fagfolk, og læreplassane er mange
  • Samarbeidet med næringa er vesentleg. Skulen har eigen akvahall, kaiar og klasserom til sjøs i samarbeid med bransjen.
  • Elevane får praktisk erfaring og fleire kurs som er viktige i den framtidige arbeidskvardagen.

Naturbruk – Strand videregående skole

  • Med to år på Naturbruk, er det mogleg å ta studiekompetanse. Då går vegen vidare til høgare utdanning.

Spennande studietilbod i Ryfylke – innan eit aktuelt tema:

Havbruk – «Den blå åker»

I oktober 2021 starta Høgskulen på Vestlandet (HVL) i samarbeid med MOR-prosjektet i Ryfylke (Motivasjon, opplæring og rettleiing) opp eit fleksibelt og desentralisert høgskuletilbod med desse delemna:

  • Havbruksøkonomi
  • Organisering og leiing i havbruksnæringa
  • Kvalitetsleiing og HMS
  • Havbruksforvaltning i eit grønt skifte

Målgruppa for studiet er i første rekkje personar knytt til havbruksnæringa, men andre kan og søkje.
Kjem du rett frå vidaregåande skule eller ynskjer å bruke studiet til å bygge vidare med sikte på ein bachelorgrad kan du og søkje.

Meir informasjon: MOR – Utdanningstilbod – Havbruk (moriryfylke.no)

Då me besøkte:

Gode tider på Strand vgs

Ryfylkepuls besøkte Strand vgs si akvautdanning i april 2022. Sjå glimtet frå vår sending her.

Oppdrett på land i Tytlandsvik

Ryfylkepuls besøkte Ryfylke sitt første oppdrettsanlegg på land i november 2021. Her er glimt frå Tytlandsvik Aqua.

Pin It on Pinterest