Heftig i Lysebotn

aug 3, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Hovudfoto: Strandbuen

Han fekk sommarskuta til å leggja om kursen, og må tenkja kohort både ein og to og tre gonger. Odd Langhelle gler seg til nok ein BLINK-festival, sjølv i pandemitider. På torsdag smell startskotet i Ryfylkeperla Lysebotn.

– Det ser ut til at veret skal bli sånn nokon lunde greitt. Det er vel andre element me er meir spente på. Men, Lysebotn Opp har me relativt god kontroll på, smiler BLINK-general Odd Langhelle.

Han har årevis av arrangementserfaring. Han har sett Sandnes og Lysebotn solid på kartet. Han veit at NRK si mest sende TV-sending om sommaren er fire dagar med BLINK-arrangement. Verdas fremste langrenns- og skiskyttarutøvarar testar formen på asfalt. Covid-19-situasjonen gjera at folkefesten i Sandnes sentrum fredag og laurdag går ut, for andre året på rad. Men, i Melsheia i Sandnes, finn du Sandnes Sparebank Arena, ei fem kilometer lang rulleskiløype, som i år blir omkransa med publikum.
– Me vil jo det skal vera rift om plassane, men me vil heller ikkje ha kaos, erkjenner Odd Langhelle.
Det blir idrettstevlingar heile dagen og ut over kvelden, og gratiskonsertar med Morten Abel fredag og Postgirobygget laurdag.
– Og det er grøne koronapass og kohortar her og der. På kort tid skal strafferundar gjerast om til konsertarena og kohortane skal ikkje kryssast. Men, det skal gå, lovar Odd Langhelle.

Foto: Stavanger Aftenblad

Lysebotn ein vinnar
Då er det lettare med motbakkerennet sør i Ryfylke. Torsdag er den store testen for utøvarane. Opp, opp, opp, sving, sving, sving – 27 hårnålssvingar frå Lysebotn og opp til Øygardsstølen.
– Her kan folk stå spreidd langs heile ruta, med avstand. Så det skal gå fint. Og ja, det blir eige løp også i år for dei som skal staka seg rett opp også. Heftige saker, humrar BLINK-sjefen.
Skikanonane frå mange nasjonar stiller. Heldigvis har ein fått same innreisereglar for utanlandske utøvarar, som til dømes Bislett Games fekk i juni. Ingen karantene.
– Det er vel ikkje overraskande om det blir norske sigrar. Både Therese Johaug og Simen Hegstad Krüger stiller også i år, seier ein nøgd Odd Langhelle.
Lynutøvar Hegstad Krüger har vunne dei tre siste åra, men det er Hans Christer Holund som har rekorden på vel 27 og eit halvt minutt.
Therese Johaug sin rekord er like over 31 minutt, og ho er då også mestvinnande kvinne, med fem sigrar.

Sommarbåt og sommarstemning
Odd Langhelle er ein erfaren og målretta arrangør. Gang etter gang, år etter år, er det BLINK, Lysebotn og ikkje minst Sandnes som pregar sportsbiletet i august.
– Samtidig må me tenkja nytt. Folk vil ha noko spektakulært også. Det får dei ved konkurransane og med konsertane. Men, også andre happeningar, forklarer Langhelle.

Foto: Landevei.no

Så kva gjer ein då når det ligg ein 42 kilometer verdskjend fjord i nærleiken? Jo, ein får NRK til å endra sendeplanar. Sommarskuta «Statsraad Lemkuhl» tapetserer sendetid på NRK1 og NRK2 om dagane. Planen var at skuta skulle ta vegen frå Kopervik og til Sirevåg i starten av august. Då Odd Langhelle såg sendeplanen, var han ikkje sein om å ringja til dei som hadde noko med turen å gjera.
– Eg fekk omdirigert skuta inn Lysebotn 5. august. Ja, det er jo fantastiske bilete, når me koplar Lysebotn Opp med Statsraad Lemkuhl inn Lysefjorden. NRK forstod den, humrar Odd Langhelle, og ser fram til både ei vakker skute og verdsutøvarar på same rekkje.

God BLINK!

Arkiv

Relaterte innlegg

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Pin It on Pinterest

Share This