Så er endeleg alle tunnelane i Ryfastprosjektet opna. Eiganestunnelen og Hundvågtunnelen opna onsdag 22. april 2020. Samferdselsminister Knut Arild Hareide stod for opninga på direkten frå kontoret i Oslo. Dermed er Norges største veiprosjekt endeleg i mål, og Stavangerregionen har kome endå nærare Ryfylke.
Ryfylketunnelen mellom Hundvåg i Stavanger og Solbakk i Strand vart opna 30. desember i fjor, og har ført til at mange frå Stavangerområdet har oppdaga dei flotte turområda Ryfylke har å by på. No når dei siste tunnelane har opna tar det endå kortare tid å koma seg til Ryfylke frå Stavanger.
Velkomen til Ryfylke!

Foto øverst: Fredrik Rekvem/Stavanger Aftenblad