Eit samarbeid mellom kommune og næringsliv viste godt igjen på festivalområdet.
– Taktikken var å engasjera ungane med ansiktsmaling, og så fekk rekrutteringspatrulja høve til å prata med foreldra, fortel Marit Landsnes i KV-bygg. – For at folk skal ta valget om å flytta, må dette med jobb vera på plass først. Deretter kjem hus og fritid. Me har laga ei brosjyre me delte ut til folk med med bedrifter i kommunen som treng folk, med direkte telefonnummer dei kunne henvenda seg på, fortel ho.
Målgruppa var både utflytta suldølingar og andre som var innom Ryfylkedagane på Sand.
Her kan du sjå brosjyra som vart laga: https://issuu.com/filterdesign/docs/flytte_heim_2_brosjyre
Foto: Ryfylkedagane/Marit Larsen