Heite saker i Sauda

aug 22, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Aldri har det vore varmare i Sauda. Det har ikkje vore varmare i heile Rogaland nokon gong før heller. Og det var ikkje smelteomnane som var årsaka til heit sommar i Sauda.

– Sauda har sett ny varmerekord i Rogaland!
Media heiv seg rundt og meldte om den lokale verdsrekorden i Rogaland. Fredag 26. juli klokka 17.00 viste den offisielle vêrstasjonen på Vangnes 34,6 grader. Det er varmt, også i Sauda.
– Det er stas å ha ein slik rekord. Spesielt når me veit at Stavanger hadde den førre rekorden med 34,4 grader på Våland. Dette gjer godt for sjølvkjensla i Sauda, smiler ein sommarbrun ordførar Asbjørn Birkeland.
Når sola har varmt opp byen inst ved Saudafjorden, så blir det ei heftig gryte mellom fjella. Og med tanke på fullt fart i smelteverket i tillegg, blir det rimeleg heitt i Sauda både inne, ute og på arbeid.
– Men, Saudabuen har overlevd. Og dette er det fine med Sauda. Godt og varmt om sommaren og ofte fine og passe kalde vintrar, seier ordførar Birkeland og legg til:
– Det er kjekt at utebassenget har hatt så godt besøk i sommar. Kvar dag har det i snitt vore 150 menneske innom. Forståeleg det, med slike temperaturar som juli gav oss.
– Og ordføraren sjølv fekk med deg varmerekorden 26. juli?
– Då var eg inne i eit lite, varmt hotellrom i Cannes i Frankrike utan luftgjennomstrøyming. Det var fælt. Eg skulle heller vore i Sauda med varmen og trass alt plassar å kjøla seg ned.

Arkiv

Relaterte innlegg

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Pin It on Pinterest

Share This