– Heldige, trass alt

feb 12, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Strålande føre. Fantastisk vêr. Stort trøkk … og desperate folk. Å driva skitrekk i koronatider er ikkje noko for den med dårleg hjarte.

– Fytti grisen for ein god periode me har hatt. Nei, det er ikkje kvar januar og februar me har hatt det slik. I fjor på denne tida sat me utan snø, klødde me oss i hovudet og lurte på kva me skulle halda på med, minnest ein smørblid Lars Reidar Fosstveit i Sauda skisenter.
Veke etter veke har det nå vore ideelle forhold i alpintanlegget i Svandalen. Og alle dagskorta som blir lagt ut, forsvinn.
– Me legg først ut 400 dagskort kvar dag. Så kan det bli plass til fleire, alt etter kor mange årskorthaldarar me reknar med kjem, understrekar Fosstveit.

Avstand og trøkk
Nå er det ein god regel å halda avstand i skibakken uansett. Men, avstanden skal haldast i heiskø, varmestove, bakke, utstyrsbu og parkeringsplass. Over alt. Koronarestriksjonane gjer at Sauda Skisenter ikkje kan dura på som vanleg. Det betyr at ein også må seia «sorry, me kan ikkje ta imot fleire i dag.»
– Det er mange frustrerte folk og me får mange spørsmål om alt mogleg. Folk har jo panikk. Ein dag såg eg det låg 45 oppringingar på mobilen frå ein person. Det er eit heilt vanvittig trøkk for tida, seier dagleg leiar Lars Reidar Fosstveit.
Saman med sin betre halvdel, Anita Nedrebø, driv han Sauda Skisenter. Ho «lever» i skisenteret sin eigen digitale svarteneste, frå morgon til kveld.
– Alle dagskorta har forsvunne kvar veke, alle dagar tysdag til sundag. Me har også hatt fullt på kveldskøyringane. Ja, me legg av og til inn ei ekstra kveldskøyring i veka også. Dessutan skal me vita kor mange kort som er i bruk til ei kvar tid, korleis passar det med tal heisar som er opne, er det avstand i traseane, ikkje for mange folk i kafeteriaen. Det er ein veldig logistikk og mykje å passa på, påpeikar Fosstveit og legg til:
– Men, så er det ufatteleg kjekt. Me er heldige, trass alt. Me er ein av få stader som kan halda ope.

Bestilt er bestilt
Ofte har skisenteret lagt ut billettar for komande helg tidleg i veka. Nå er det lagt ut 400 heiskort kvar dag til og med siste dag i vinterferien 7. mars. Gjestane har måtte venda seg til nye vanar. Vil du stå på ski, må du bestilla i god tid.
– Situasjonen me er i nå, gjer at me må seia «bestilt er bestilt, kjøpt er kjøpt.» Folk bestiller gjerne for mange kort, blir skada i forkant, angrar, ser gjerne på veret. Men, me klarar dessverre ikkje å tilfredsstilla alle som vil endra bestillinga, beklagar Lars Reidar Fosstveit.
– Så ditt tips er?
– Vil du garantert stå på ski i vinterferien, bør du bestilla nå. Men, når det er sagt, er det ikkje sikkert det er fullt sjølv om dei 400 dagskorta forsvinn. Følg med undervegs. For me opnar opp for fleire dagskort etter korleis me ser trøkket frå årskorthaldarane er. Til dømes har me sett at det har vore meir ledig på sundagar enn laurdagar. For sundagen er mange med årskort slitne, og står ikkje i bakken, seier Fosstveit og fortel at 1 400 skikøyrarar er det meste dei har klart å ta imot ein heil dag.

Sola smiler
Lars Reidar Fosstveit veit at han på eit normalår fint kunne dobla dagsrekorden. Det faktumet bruker han liten energi på:
– Nå har me mange folk her kvar dag. Det er ikkje sikkert me hadde hatt dobbelt så mange gjestar desse vekene om alt var normalt i samfunnet. Då er det jo andre opplevingstilbod som ville vore ope. Og alle ville ikkje dratt på ski heile tida. Nei, me må vera glade for at me kan få halda på.

Han trur på ein ok sesong. Ja, ein god sesong.
– Nå må me få med oss vinterferien og påskeferien, og så telja opp etter kvart. For me er avhengige av å tena pengar i år, konstaterer Fosstveit.
Sist sesong var mildt sagt ein nedtur. Når først snøen kom godt uti februar, gjekk det mindre enn ein månad før Mister Korona stengte alt ned igjen. Og 350 000 kroner i kompensasjonsmidlar, mot eit tap på 4,5 millionar i omsetnad, monna lite. Ikkje rart Lars Reidar Fossveit smiler om dagen med strålande føreforhold, strålande sol og desperate skigjestar …

Arkiv

Relaterte innlegg

Våren er komen – tomatane er her!

Våren er komen – tomatane er her!

Endeleg er tomatane her igjen. Sist veke var tomatane frå Lauvsnes Gartneri på Finnøy tilbake i butikkhyllene. Og tomatgartnaren sjølv kan aldri få nok av nye investeringar og justeringar.- Er dei ikkje gode vel?Jan Terje Vignes hiv inn på nok ein tomat, med kjærleik...

Nyter det gode liv i vakre Hellandsbygd

Nyter det gode liv i vakre Hellandsbygd

Med djupe røter frå ein barndom med grendeliv i Hylsfjorden, drøymde Bente Sofie Løland og Kjell Ove Fattnes om eit ekte gardbrukarliv. Nå bur dei på eigen gard i Hellandsbygd i Sauda kommune. Tekst og foto: Ingvil Bakka, avisa Ryfylke Det er snart åtte månader sidan...

Snart kjem dampen …

Snart kjem dampen …

Rødne sin nye ambulansebåt er ikkje langt unna Ryfylkebassenget. Nyleg sjøsett, namn med snert og utstyrt som brannbåt i tillegg. Ikkje rart det er forventingar til Ryfylke sin nye livreddar.Lars Rødne bestiller bort imot ein ny båt i året frå Brødrene Aa i Hyen på...

Pin It on Pinterest

Share This