Helse
Helse i kvar bygd
Helsetilbod og helsejobbtilbod i Ryfylke er unikt. Frå byar til minste avkrokar er helsehjelpa nær. Ryfylke har dessutan sin eigen ambulansebåt, som eit legekontor på sjøen. For den som vil utdanna seg innan helsefag, er variasjonen og tilgang på kompetanse høgare enn nokon gong. Kva med å satsa på ei jobbsikker framtid i eit fantastisk område, nemleg Ryfylke.
Ryfylke har:
Helsefagutdanning på to vidaregåande skular
Ei rykande fersk desentralisert sjukepleieutdanning
Stor variasjon i arbeidsplassar og arbeidstype innan helse
Eit godt utbygd akutt- og legevaktstilbod
Moglegheiter
I heile Ryfylke er det store moglegheiter og stor variasjon med tanke på arbeid innan helse. Og ja: Det trengst mange varme hender og kloke hovud i helse-Ryfylke i framtida. Me trur du vil finna det som passar for deg. På mange måtar er helsearbeidarane i Ryfylke eit lim for små og store lokalsamfunn.
Ryfylke har eit godt utbygd, desentralisert helsetilbod innan:
- Sjukeheim, heimeteneste, dagsenter, bufellesskap og korttidstenester for eldre
- Helsestasjon og skulehelseteneste
- Psykiatriteneste
- Fysioterapi og ergoterapiteneste
- Bustader og institusjonar for rusomsorg og for andre tilrettelagde tenester
Og for ikkje å gløyma det som skjer på kjøkken. Mange dyktige medarbeidarar som lagar mat på dei mange institusjonskjøkkena rundt omkring i kommunane.
Det er ingen tvil om at kommunane treng endå fleire sjukepleiarar. I Ryfylke er også helse- og omsorgsavdelingane på tilbodssida når det gjeld å leggja til rette for fleksibel vidareutdanning for dei tilsette.
Utdanning
Tilbodet til helseutdanning har aldri vore betre i Ryfylke enn nå, på fleire nivå.
Våre to vidaregåande skular tilbyr begge helse- og oppvekstfag:
Sauda VGS Helse- og oppvekstfag – Sauda vidaregåande skule
Strand VGS Helse- og oppvekstfag – Strand videregående skole
Vil du vita meir om Helse- og oppvekstfag, sjå her.
Ambulansefag! Einaste skulen i Rogaland med eigen ambulanselinje, er Sauda vgs. Over 100 søkjarar kvart år på 15 plassar. Wow. Les meir her: Vg2 Ambulansefag – Sauda vidaregåande skule.
Lærling i helsefag i Ryfylke?
Ja, her er det moglegheiter. Kommunane satsar hardt på lærevillige ungdomar. Ta læretida i Ryfylke!
Sjukepleieutdanning i Ryfylke
For aller første gong i historia er det starta eit kurskull med sjukepleiestudentar i Ryfylke. Og kurset er fullteikna. Saman med Universitetet i Stavanger har Ryfylke Interkommunale Selskap (Ryfylke IKS) starta med ei fullverdig, desentralisert sjukepleiarutdanning i regionen. Sjå her: Distriktsvennleg sykepleierutdanning – Ryfylke
Kva med fagskuleutdanning innan helse i Ryfylke? To tilbod: Helse, miljø og tryggleik, i tillegg til psykisk helsearbeid. Søknadsfrist er 15. november. Les meir her: MOR – Fagskuleutdanning i Ryfylke (moriryfylke.no)
Helseglimt frå kommunane:
Sjå her kva kommunane i Ryfylke tilbyr deg som er opptatt av helse og jobbtilbod innan helse:
Helse og velferd – Suldal kommune heimeside
Helse og omsorg – Sauda kommune
Helse og omsorg – Hjelmeland kommune
Satsing på helse
På Finnøy blir det nå bygd ny sjukeheimsavdeling med 20 langtidsplassar. Her skal det også bli kafé, dagsenter og plass til fysio- og ergoterapiteneste. Bygget skal stå klart i 2024. Det blir satsa på helse, ikkje berre Finnøy, men i heile Ryfylke.