Her er finalelaga til Superfinalen

mai 19, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkequiz

2. juni, dagen me alle har venta på, nærmar seg med stormskritt. Ja, dagen den store quizfinalen på Forsand skjer. Dagen der alt 8.klassingane har pugga og lært om Ryfylke dei siste månadane, skal testast. 2.juni, finalen der Ryfylkeskulane skal kjempe mot kvarandre om siger i årets Ryfylkequiz.

Alle skulefinalane er nå unnagjort, og alle finalelaga er klare. Me kan nok allereie avsløre ein jamn og intens superfinale, for her er det lag som verkeleg har pugga pensum! Ei lita skildring frå dei ulike skulefinalane ligg på quizsida vår.

Mine damer og herrar; her er finalelaga som skal representere skulen sin i den store quizfinalen på Forsand 2.juni:

Sand: Tobias og co – Øystein Tveit, Tobias Lunde, Aksel Vassbø og Johanne Klungtveit Næsja

Sauda: MAI – Matilde Mikkeline Aartun, Ane Schibevaag Søndenå og Ingrid Fatnes

Finnøy: Er det her det er party? – Benjamin Eggebø, Sanne Lyse og Adele Moltu

Forsand: Wikipedia – Balder Andrè Kommedal, Vilde Espedal Søyland og Stian Haukelid

Jørpeland: MSJ – Sanna Fiskå, Maren Bratli og Jacob Weerstra

Tau: Sjølvaste Tryhards – Oda Myklebust, Olav Leon Fossdal, Dina Mosness

KF skolen: Andreas sine slaver – Sindre Erevik, Sander Espedal og Kristina Sandvik

Tryggheim strand: Team Tryggheim – Elias Fretz Eggebø, Hadle Bjørkhaug og Thomas Gard

Hjelmeland: MAS – Sondre Vadla, Ane Mosnes Mæland og Maren Laugaland

Den store quizfinalen mellom alle skulane skjer på Forsand 2.juni. Dette blir litt av eit opplegg du ikkje vil gå glipp av! I år som i fjor, kan du følgje med på superfinalen live på våre nettsider!

Kva skal ein gjere mens ein ventar på 2.juni? Jo – test dine eigne ryfylkekunnskapar på våre nettsider og bli med i trekninga av flotte premiar!

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This