Heseblesande innspurt

mar 17, 2022 | Framside, Lite toppbilde, Nyhende, Ryfylkealliansen

– Me skal vera heilt ferdige til niande april. Ja, me MÅ vera ferdige då. For gjestane dei har meldt at dei kjem, smiler Bjørn Moe litt smånervøs. Jelsa Hotell rustar seg for opning.

Kven hadde trudd at Jelsa bu- og omsorgssenter skulle bli hotell? Då aldersheimen blei lagt ned og sentralisert til Sand, byrja likevel hotelltankane å sviva.
– Eg leigde bygget til arbeidsfolk på Norsk Stein, ettersom det ikkje var plass til fleire på Mo Laksegard. Etter halvtanna år fekk eg høve til å kjøpa, forklarer Bjørn Moe.

Bjørn Moe er han som har drive Mo Laksegard på Sand i over 30 år. Reiselivsgründeren kviler ikkje på det som er. Alltid nye prosjekt, og nå på Jelsa.
– Eg har alltid likt Jelsa og folket på Jelsa. Jelsa er ei perle. Det er ein strålande plass i Suldal. Ja, er det ein stad eg kunne budd utanom heime på Mo, så er det nettopp på Jelsa, vedkjenner Bjørn Moe.

Bjørn Moe lovar at alle dei 25 romma skal vera klare til gjestar niande april.

Byggjeleiar blir hotellsjef

Nå ser han hotelldraumen bli realisert. Palmelaurdagen niande april skal hotellet opnast for gjestar. 25 nyoppussa rom, restaurant og utsikt ut over Boknafjorden. Jelsa får utan tvil ein ekstra attraksjon.
– Med den utsikten frå kjøkkenet trur me maten blir ekstra god her, humrar Bjørn Moe.

Kjøkkensjefen er nett nå ute og klippar buskar, og hotellsjefen … Ja, Cecilie Jelsa er per nå byggjeleiar, men niande april går ho over til å vera hotellsjef.
– Eg blir nok sånn potet, som skal sy alt saman. Steppar inn der det trengst, lagar nokre frukostar, tar kveldsvakter, laga vaktlister og ja … me får prøva oss fram og så får det gå seg til, seier den påtroppande hotellsjefen. Sjølv om Cecilie Jelsa nå kjem frå byggjebransjen, som dagleg leiar i KV Bygg Suldal, er ho ikkje ny i reiselivsgamet. Ho har tidlegare drive pensjonat på Jelsa.
– Bestillingane er godt i gang, og eg trur Jelsa Hotell blir ein populær stad. Me hadde også prøveopning av restauranten i fjor sommar, og fekk testa ut litt då. Det var gode tilbakemeldingar, forklarer Cecilie Jelsa, og lovar både jordbær, villsau og eplemost frå Jelsa.

Cecilie Jelsa er byggjeleiar og påtroppande hotellsjef. Nå ventar ein hektisk innspurt på å få Jelsa hotell klart til opning. Og det blir garantert ikkje roleg etterpå heller.

Lokalt og historisk

Jelsa er historisk sett den kanskje mest kjende staden i noverande Suldal kommune. Den idylliske strandstaden var frå gammalt av ein sentral plass innan skipsfart og tømmer. Og eit steinkast frå sandstranda på Noresjøen finn du sjølve juvelen på Jelsa. Me snakkar om Jelsa kyrkje frå 1647, med ein himmelkvelv som tar pusten frå deg.
– Me skal spela på det historiske og ikkje minst kyrkja vår. Det er fleire som har bestilt bryllaup i kyrkja og skal ha festen her på hotellet etterpå. Det er viktig at me løftar fram lokalhistoria, som eg meiner er svært interessant. Den skal gjestane få ein bit av, lovar Bjørn Moe og legg til:
– Her på Jelsa Hotell skal folk finna roen og finna kos her. Det trur eg.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This