Historisk sus og samarbeid

feb 25, 2022 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Er det nokon som har historia på si side, er det Klosterøy.

Ein klostergard etablert av sjølvaste Harald Hårfagre er grunnmuren i eit spennande bedriftssamarbeid kalla Visit Utstein. Her er det rom for både kvile- og spenningspuls. Blir du med til Amerika i same slengen? Eller inn i sauefjøset på Mosterøy til ho som nå blir ordførar for byfolk og bønder i Stavanger kommune. Hardbarka lastebilsjåførar kan meir enn logistikk. Musikkvideoinnspeling var verkeleg samansveisande. Og bedrifta utvidar og utvidar.

Det er ei stor glede å invitera til Ryfylkepuls frå Klosterøy og Mosterøy, to av øyane i Rennesøy kommunedel i Stavanger i Ryfylke. Så pass må det vera!

Arkiv

Relaterte innlegg

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Direktepuls frå Sauda

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Pin It on Pinterest

Share This