Hjelmeland lokka og leverte

feb 7, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Den som trudde ryfylkingen var inneslutta og smålåten, tok feil. Hjelmeland kommune inviterte og inspirerte, både tilreisande og seg sjølv. Januar blei reine «look to Helmet Country.» Ryfasteffekt eller varig glede? Kven veit? Kjekt var det uansett.

– Eg er imponert over folk i Hjelmeland. Her kasta folk seg rundt på kort varsel og fylte helgane i januar med 46 ulike aktivitetar. Det er ikkje småtteri, fortel prosjektleiar for «Hjelmeland Naturlegvis», Jan Sverre Grimstad. Grimstad er nokså ny hjelmelandsbu, og har fått ein flygande start i prosjektstillinga i ryfylkekommunen.

Vill idé medførte begeistring
Det er eit fåtal som ikkje har fått med seg at Ryfylke og Stavanger er blitt tettare knytt saman med Ryfylketunnelen mellom Hundvåg i Stavanger og Solbakk i Strand. Reisetida til og frå er korta ned med minst ein halv time frå både her og der. Det gjeld også Hjelmeland, der kommunesenteret ligg gode 40 minutt frå tunnelmunninga.
– Då me fekk vita at det ville vera gratis å køyra gjennom Ryfylketunnelen dei førte månadene, så dukka ideen opp. Lat oss invitera alle innbyggjarane i Hjelmeland, både fast- og fritidsbuande, til å tilby ulike aktivitetar i helgane. Ja, opplegg og program som kunne freista «byfolk» til å ta turen til Hjelmeland, når dei nå først skulle testa denne nye tunnelen, fortel Jan Sverre Grimstad.

Som sagt, så gjort og velgjort. I desember og utover i januar hadde prosjektgruppa samla 46 ulike aktivitetar som skulle skje i løpet av fire intense helgar i Hjelmeland. Folket i Hjelmeland opna bokstaveleg tala dører og grinder.

Til fjords, til skogs, til gards
Tilboda poppa opp. Open Gard på Jøsneset, gardsysteri i Hetlandsbygda, fjordcruise på Jøsenfjorden, sundagsope Randøybutikk og tur i Eventyrskogen i Årdal.
– Det er berre noko av det som folk er blitt lokka med. Og folk har kome, både frå Stavanger, andre delar av Nord-Jæren, og også våre naboar i Strand, samt våre eigne innbyggjarar. Kort og godt ein stor suksess og ein respons som blei over all forventning, seier Grimstad.

Sjølv har han halde oppe på kommunehuset i Hjelmelandsvågen, og tatt imot nyfikne tilreisande og svart på spørsmål om kva Hjelmeland kan tilby. Nå gjeld det å forvalta erfaringar og godkjensle vidare.
– Desse januarhelgane har folk i Hjelmeland vore flinke til å fortelja kva me har å tilby. Det må me hugsa å gjera vidare i året også. Alt er blitt kortare, og det er like kort frå Stavanger til Hjelmeland som motsett, smiler ein nøgd prosjektleiar og tar tommel opp for «Hjelmeland Naturlegvis.»

Få gjerne med deg Fisterseminaret som går av stabelen torsdag 27. februar! Sjå meir informasjon her.

Og Hjelmeland ligg ikkje på latsida. Her er oppmodinga hjelmelendingen har fått frå Hjelmeland Naturlegvis. 

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This