Hjelmeland vant i 2018

feb 11, 2019 | Ryfylkequiz

Kven vinn i år?

Ryfylkequizen blei arrangert første gong i 2016, på Sand i Suldal. Då tok Suldal seieren på heimebane. Året etter, i 2017 var det tre 8. klassingar frå Tau som gjekk til topps, i Sauda. Og i fjor var det altså Hjelmeland som var best. Då var finalen på Jørpeland. Klarar Hjelmeland å ta seieren i år også, eller er det Sauda, Finnøy eller Forsand sin tur denne gongen?
Den store finalen blir på Finnøy 10. mai. Men før det skal det gjennomførast skulefinalar rundt om på alle skulane.
Ryfylkealliansen er klar, er du?

På biletet ser me bak f.v: 2. plass – frå Tau, ordførar i Strand Irene Heng Lauvsnes, 3. plass frå Jørpeland, ordførar i Hjelmeland Bjørn Laugaland
Framme: Vinnarane av Ryfylkequiz 2018 – frå Hjelmeland

Arkiv

Relaterte innlegg

Direktesendt quiz – sterk auke i sjåartal!

Direktesendt quiz – sterk auke i sjåartal!

Me elskar Ryfylkequiz. Men endå meir elskar me direktesendt Ryfylkequiz! Takka vera koronarestriksjonar, såg me oss nøydde for å senda quizfinalen 2020 digitalt. Denne direktesendinga av finalen i Ryfylkequizen vart ein enorm opptur! Superfinalen direkte frå Årdal,...

Me gratulerer «MAS» med siger i Ryfylkequiz

Me gratulerer «MAS» med siger i Ryfylkequiz

Etter ein nervepirrande finale, med SKYHØGT nivå og spenning heilt til siste slutt, har me kåra vinnarane i Ryfylkequiz 2021! Me gratulerer "MAS" frå Hjelmeland med ein vel fortent siger! Vinnarlaget "MAS" frå Hjelmeland Etter fjorårets skyhøge nivå , var finalen laga...

Her er finalelaga til Superfinalen

Her er finalelaga til Superfinalen

2. juni, dagen me alle har venta på, nærmar seg med stormskritt. Ja, dagen den store quizfinalen på Forsand skjer. Dagen der alt 8.klassingane har pugga og lært om Ryfylke dei siste månadane, skal testast. 2.juni, finalen der Ryfylkeskulane skal kjempe mot kvarandre...

Pin It on Pinterest

Share This