Skulefinalane i Ryfylkequizen inneheldt engasjement, vinnarvilje, oppturar og fortviling. For det er ingen tvil om at konkurransen om å koma til storfinalen i Sauda er tøff. – Elevane har vist fantastisk innsats og imponerande kunnskapar, slår Kristine Olsen i Ryfylkealliansen fast.
For nå er den eine finalisten etter den andre klar for den direktesende finalen i Sauda 25. mai. Dei to siste vekene før påske blei skulefinalane haldne rundt omkring på ungdomsskulane i Ryfylke. For kva åttandeklassingar veit mest om Ryfylke? I januar fekk alle i åttande trinn besøk av Ryfylkealliansen, som drog ungdomane gjennom ein skuletime om historie, kultur, næring, fakta, geografi og med glimt i auga. Sidan februar har dei unge kunne lesa seg opp på eit omfattande pensum om Ryfylke, før dei benka seg rundt oppgåvene i mars. På kvar skule gjekk dei tre beste laga vidare til ein delfinale, kor det beste laget her blir skulen sin representant i den store finalen.
– Me har store forventingar til finalen i mai. For me opplevde verkeleg høge poengscore under skulefinalane, slår Kristine Olsen fast.
I innleiande rundar gjekk det an å samla 46 moglege poeng, i det som er nokså vanskelege spørsmål. Men, over alt slo dei beste laga til med både 35, 37 og 40 poeng. Og på Tau ungdomsskule fekk faktisk vinnarlaget utrulege 45 av 46 poeng. Det har aldri før skjedd i Ryfylkequizen si historie. Nå stiller alle ni finalelaga med blanke ark i den store finalen torsdag 25. mai. Denne finalen kan du sjå her på www.ryfylke.no. Då sender Ryfylkealliansen ei heilproff sending direkte kl. 12.00 frå Folkets Hus i Sauda. Det er klart for den åttande Ryfylkequizfinalen på rad. Men, kven vinn? Svaret får me 25. mai.
Her er vinnarane av skulefinalane: