Hopp i havet – for ein start

feb 21, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Målet var 20 000 besøkjande på eit år. Etter to og ein halv månad har det nye badeanlegget i Suldal passert 15 000 badegjestar. – Folk har stått i kø. Men, dei har tatt det med eit smil, fortel Suldal Bad-sjef Bonolo Ramphomane-Aandahl.

Suldal Bad-sjef Bonolo Ramphomane-Aandahl er godt nøgd med besøket dei første månadane.

– Me skal bli det best besøkte badeanlegget i Rogaland!
Den vanlegvis smålåtne suldølen, var ikkje snaue i målsettinga då Suldal Bad skulle opnast i starten av desember i fjor. Så langt er ambisjonane oppfylt og vel så det. Etter ein heftig og folketett start, har ikkje besøkstalet dalt særleg heller.
– Nå er det 1000 gjestar i veka, fortel badegeneral Bonolo Ramphomane-Aandahl og gnir seg i augo over tala og arbeidskvardagen:
– Me hadde aldri tenkt at det ville bli så mange på så kort tid. Me har hatt kø. Og me har venleg oppmoda enkelte badegjestar om at me kanskje nå må sleppa andre til. Hugs, me har ikkje tidsgrense for kor lenge folk kan vera her, smiler sjefen for dei gode tidene.

Meir enn eit badeanlegg
Nå er forseinkingar, feil og manglar og økonomiske overskridingar eit tilbakelagt kapitel. Suldal Bad er blitt ein suksess frå første stup. Elevane i Suldal har fått eit skikkeleg basseng, og ikkje den vesle plaskedammen i eit av nabobygga på Eide på Sand. Nå får ein også symjeundervisning etter 4. klasse!
– Ungar og ungdomar boltrar seg i symjeundervisninga. Tre dagar i veka har me morgonsymjing frå 06.30. Då kjem det gjerne 50 personar. Suldølen har verkeleg fått augo opp for bassenget, i tillegg til ein drøss av tilreisande, understrekar Ramphomane-Aandahl.
Sjølv er ho opptatt av at Suldal Bad skal vera meir enn eit badeanlegg:
– Me er eit reiselivsanlegg i Suldal. Kanskje kan Suldal Bad vera ein grunn til at folk vel å bruka eit ekstra døgn i Ryfylke. Det igjen er positivet for næringslivet. Me er ein god stad å leggja kurs og konferansar. Dessutan arbeider me for å bli sertifisert som miljøfyrtårn. Då går det på alt frå korleis me bruker varme og energi i bygget til emballasjen du bruker når du kjøper mat i kafeteriaen, seier ein engasjert sjef for Suldal Bad.

Draumelag på jobb
Suldal Bad har per i dag 19 tilsette fordelt på seks årsverk.
– Dei beste folka i Suldal jobbar her, påstår Bonolo Ramphomane-Aandahl.
Ho skryt av engasjementet blant dei tilsette, evna til å snu seg rundt, handtera den store mengda av folk, fleksibiliteten og fordeling av arbeidsoppgåvene.
Det mange spør seg er om Suldal Bad nå rir på den såkalla «nyhenda si interesse»-bølgja? Held besøkstalet fram på dette nivået, vil målsettinga om 20 000 gjestar bli mangedobla.
– Det kjem ekstra mange nå. Men, me har god tru på jamt og godt besøk i åra som kjem. Me har eit nydeleg bygg, tilbod for folk i alle aldrar, ulike aktivitetar og basseng og ligg idyllisk til ut mot Sandsfjorden. Og hugs, me har ikkje ei nettside som er oppe og går endå, ler Suldal Bad-leiar Bonolo Ramphomane-Aandahl, og tar imot nye badegjestar som forventningsfulle skal inn bassengattraksjonen i Ryfylke.

Arkiv

Relaterte innlegg

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Pin It on Pinterest

Share This