Humorsuksess frå Ryfylke

feb 19, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

To løgne karar jakta ryfylkehumor i fjor. Det blei det bok av. Og bortimot heile opplaget forsvann. Løye nok.

Når du møter Leif Arild Steen og Jon Arne Helgøy i lag er det ikkje akkurat ein sakleg og fornuftig tone over samtalen.
– Høyr her Leif Arild, viss me skal ha ein følgjetong så har eg fått ei ny god historie, meir i kategorien bedehusland.
Den muntre skyssbåtkøyraren frå Helgøy i Årdalsfjorden, Jon Arne Helgøy, har etablert første setning i det ikkje alt for seriøse treffet med humorist Leif Arild Steen frå Finnøy. Jon Arne held fram:
– Det var ei gammal kone som reiste seg på eit møte og så sa ho: Eg kjem på når Mosesen tok med seg israelarane ut av Egypt. Då berre slo han med staven på berget og så fór vatnet til pises.
Jon Arne Helgøy ler så han ristar av historia og eigen forteljarkunst. Leif Arild Steen kontrar:
– Veit du kva den tyngste jobben i steinalderen var? Avisbod.
Jon Arne ler av poenget. Den håse og høge latteren sin. Men, ikkje så høgt som når han fortel eigne historier, men høfleg nok. Jon Arne og Leif Arild har tonen.
Derfor skreiv dei boka «Jakta på Ryfylkehumoren» i fjor haust. Ei bok som i hovudsak er ei mengd med korte, morosame ryfylkehistorier, som dei to har samla. Første opplaget på 1 500 bøker er nærast rive bort.

Typisk foto av Jon Arne Helgøy. Lyden av latteren er verd eit møte i seg sjølv.

Kona tar fortenesta
– Er du blitt rik av å vera forfattar, Jon Arne?
– Nei, nå skal du høyra. Eg har kjøpt 200 bøker, byrjar Jon Arne.
– Du veit ikkje kor mykje du har tent på dei ein gong, skyt Leif Arild inn, før skippar Helgøy turar vidare på:
– Bøkene kosta meg 30 000 kroner. Når eg sel vidare, skal alle betala på vipps. Kven har vipps? Olaug har vipps. Ho har tent langt over 30 000 kroner. Medan eg har berre gått med tap, erkjenner Jon Arne, og innser at kona Olaug er kome lenger på den høgteknologiske fjorden enn han. Der også.

Det var Leif Arild som hadde ideen om bok. Han har vore hovudforfattar på tre bøker tidlegare.
– Så ringte eg til Jon Arne, og då balla alt på seg. Me har hatt eit enormt godt samarbeid.
– Er boka vår den mest selde boka i Norge i fjor?, undrast Jon Arne.
– Nei, men me gjekk så godt som tomt. Så nå er spørsmålet om me skal trykkja opp fleire bøker, svarar Leif Arild.
– Nei, me gjer ikkje det!
Jon Arne hevar røysta. Han har ein idé.
– For då blir boka antikvarisk. Og viss folk vil ha ei bok, kan me selja dei få som er igjen for 30 000 kroner stykke. Då blir det akkurat som ei minnesamling.

Leif Arild Steen har gjeve ut bøker før. Humorboka frå Ryfylke er den fjerde i rekkja.

Ny bok?
– Men, kjem det ei ny bok frå dykk to?
– Det som Jon Arne har sagt er at me skal få oversett boka til kinesisk, forklarer Leif Arild og blir nok ein gong avbroten av medforfattar Jon Arne:
– Då har me potensielt ein og ein halv milliard lesarar. Og gang det med 300 kroner per bok, seier ein entusiastisk Jon Arne Helgøy.
– Kina er absolutt ei upløgd mark, innrømmer Leif Arild Steen. Han skal faktisk skriva ny bok, til hausten:
– Det blir ei barnebok.
– Der blir ikkje eg med, poengterer Jon Arne.
– Der får du ikkje vera med, slår Leif Arild tilbake.
– Kva handlar barneboka om?
– Ho skal handla om plast. Ja, fokus på miljøet, på barna sine premissar. Eg har fått naturvernforbundet i Rogaland med meg som sparringpartnar.
– Ei seriøs bok?
– Det er ei eventyrforteljing sett saman i ei faktaramme, seier Leif Arild litt vagt og får ein mitraljøse frå Jon Arne i fleisen:
– Ho skal sikkert skrivast på eit rabarbrablad, og så visnar boka før ho er ferdig. Nei, nei. Skal du gje ut ei miljøbok? Nei, nei …

Samtale slutt. Like seriøst som alltid. To lause og løgne kanoner på båtdekk.

Arkiv

Relaterte innlegg

Energisk bålkos frå Finnøy

Energisk bålkos frå Finnøy

Kos deg med magasin tre av Ryfylkepuls. Og i denne oktobersendinga tar me pulsen på Finnøy i Stavanger. Sending nummer tre av Ryfylkepuls er frå tomatøya Finnøy. Og her blir det spennande tema rundt eit bål i fjæresteinane. Kva satsar ungdomen frå Finnøy på? Kor skal...

Arena Ryfylke – tett på

Arena Ryfylke – tett på

Ja, det blir både tett på Ryfylke og tettare på kvarandre. Er du nysgjerrig på kva som rører seg i Ryfylke? Lyst på spennande bedriftsbesøk, gode smakar og ein herleg dag i Hjelmeland? Då er Arena Ryfylke 11. november noko for deg. Endeleg kan me møtast igjen, utan...

Juvelen Nordmarka

Juvelen Nordmarka

Heile 100 mål er tilrettelagt for næring. Nå tar interessa for alvor av. Tau Næringspark er blitt populært. - Me skulle vera klare til Ryfast opna. Det klarte me, og me merkar verkeleg at fleire vil etablera seg her.Hogne Fjellanger ser stolt rundt...

Pin It on Pinterest

Share This