Hytteboom i Ryfylke

jan 15, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Hyttene går unna i Ryfylke. Ryfasteffekten er merkbar og 2020 blei eit godt år for tilbydarane. Nå er forventinga at det blir endå større rift om hustomtene.

– Me blei utseld for hyttetomter i fjor. Men, fortvil ikkje. Me har fleire nye tomter klare innan kort tid.
Peter Sigmundstad på Fister i Hjelmeland gnir seg nøgd i hendene. Han driv verksemda Tønnevik og bruker store delar av tida si på å klargjera hyttetomter i Lysåsen ved Fisterfjorden.

På Jørpeland smiler Marion Espedal like mykje. Ho er dagleg leiar i Aktiv Eiendomsmegling Ryfylke, og sel hyttetomter mellom anna på Fister. Og ikkje minst ferdige hytter.
– 2020 var eit skikkeleg byks i sal av hytter i Ryfylke. Me selde 49 hytter, mot 31 året før. Me sel hytter i heile Ryfylke. Men, Idse og Kvalvåg i Strand, samt Sauda, Gullingen, Fister og Randøy, er ekstra populære område, forklarer Marion Espedal.
– Eit bra år, etter ein knalltøff start. Ja, 2020 var annleis, men godt. Ikkje minst på hyttefronten, melder dagleg leiar Aleksander Amdal i byggfirmaet Ryfylke Trelast.

Det har blitt ein god del hyttebygging på Ryfylke Trelast det siste året, i tillegg til mykje ombyggingar og påbyggingar av hus i Ryfylke.

Tunneleffekt
– Auken har mykje med Ryfylketunnelen å gjera. Nå er det døgnope til store delar av Ryfylke. Ryfast kombinert med korona, ingen utanlandsreiser, heimekontor og låg rente, er grunnar som gjer at me har merka auka etterspurnad og sal, understrekar Marion Espedal.
– Når me kan tilby utsikt, sjø, friluftsliv og ei reisetid frå Nord-Jæren på ein times tid, då er det lettare for folk å kjøpa hytte her i området, påpeikar Peter Sigmundstad.

For det er ingen tvil om at folk frå Nord-Jæren dominerer kjøp av fritidsbustader i Ryfylke.
– Mange av kjøparane her hjå oss har gjerne ein relasjon til Ryfylke frå før. Dei er godt orienterte om tilbodet i ryfylkeregionen. Ja, dei har gjerne vore ein rundtur i heile Ryfylke før dei til slutt hamnar i Lysåsen, seier Sigmundstad.

Denne gjengen har hatt nok å halda på med i 2020. Dei tilsette ved Aktiv Eiendomsmegling Ryfylke opplevde solid oppgang i salet av hytter og hyttetomter. Foto: Susann Heggland, Heggland Media.

Bustader på stabilt nivå
– Ryfylketunnelen har altså hatt effekt på fritidsmarknaden. Men, me vonar fleire skal få augo opp for å busetja seg i Ryfylke. På bustadmarknaden er det i hovudsak lokale folk som kjøper hus, erkjenner Marion Espedal i Aktiv Eiendomsmegling, og får støtte frå Aleksander Amdal i Ryfylke Trelast.
– Me hadde eit ganske bra år med bustadbygginga. Dei som byggjer er i hovudsak folk som bur her, og som skal ha seg eit nytt hus. I tillegg var det mange innbyggjarar som nytta 2020 til å pussa opp og byggja på, legg Amdal til.

Marion Espedal trur gjerne at somme vegrar seg med å flytta til Ryfylke grunna bompengane, som omsider, skal innførast i Ryfast. Ja, kan henda fryktar småbarnsforeldre det er i dyraste laget å bu i Ryfylke og pendla til Nord-Jæren.
– Så me må dyrka fram fleire attraktive arbeidsplassar i Ryfylke.

Optimisme
Optimismen hjå ryfylkingen er det i alle fall ingen ting i vegen med.
– Eg trur me i 2021 også vil sjå auke på husbygginga og bustadmarknaden, er tipset frå Aleksander Amdal.
– Me har stor tru på at 2021 blir eit godt år. Ja, ein vidare auke på hyttesal og også forsiktig auke på bustader, trur Marion Espedal.
– Utvidinga av Lysåsen hyttefelt er i sluttfasen. Og hadde det vore ferdig, trur eg dei tomtene også ville vore utselde i dag, hevdar Peter Sigmundstad og spring vidare for å gjera alt ferdig.
– For å seia det slik: Du får frykteleg mykje meir for pengane i Ryfylke enn i Stavanger, avrundar Aleksander Amdal høgt og tydeleg.

Ingen ting å seia på utsikten for den som byggjer hytte ved Fisterfjorden i Hjelmeland. Lysåsen er rette namn på hyttefeltet.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This