Innflyttarar med store gryter

des 19, 2023 | Framside, Lite toppbilde, Nyhende

Det var slett ikkje planen å flytta til bygda. Alvilde og Tom Egill Tobiassen var nygifte og lukkelege i Stavanger. Men, ein sundagsmiddag på Rennesøy blei som eit lynnedslag i livet. Dermed enda det unge ekteparet på ein plass dei knapt nok visste eksisterte.

Dei tok sjansen, flytta til øyriket i Ryfylkebassenget i 2015, og kan ikkje tenkja seg noko anna enn å bu på Rennesøy. Her sjonglerer dei livet som to-barnsforeldre, arbeidskollegaer og idéfellesskap, og er ikkje redde for å ta i eit ekstra tak for lokalmiljøet, ikkje minst for ungdomen. Dei vågar å gå i bresjen for å skapa gode møteplassar og arrangement, men trivst aller best når folk kjem på besøk. For middagen står alltid klar til kven som helst. Alvilde og Tom Egill Tobiassen lagar nemleg alltid rikeleg med mat, har god plass rundt bordet og storkosar seg med å bli kjent med fleire.

– Rennesøybuen er heilt fantastisk. Og viss du byr på deg sjølv og toler å le av «byass»-stempelet, så går det utruleg godt. Rennesøysamfunnet er utruleg fargerikt, og har positive sider som du ikkje finn i ein by, påstår herr og fru Tobiassen. 

I eit år har dei også nå drive bedrift i lag, så det er ikkje mykje tid utan kvarandre. Men, korleis går eigentleg det? 

Gled deg til å bli endå meir kjent med Alvilde og Tom Egill Tobiassen. 

Arkiv

Relaterte innlegg

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Søknadsfristen nærmar seg!

Søknadsfristen nærmar seg!

1.mars er fristen for å søkja om plass ved dei vidaregåande skulane, og i Ryfylke har me to av desse.  Strand vgs er ein skule som ligg sentralt på Tau i Strand kommune. Med visjonen "Det beste i den enkelte" er tilsette ved Strand vgs opptatt av og bevisste på å sjå...

Spring for livet

Spring for livet

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre.   Gjer deg klar for...

Pin It on Pinterest

Share This