– Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er noko ho er opptatt av. Jamaldringen Atle Espedal er samd. Han har gått naturbruk og akvakultur og tar nå påbygg ved same skulen. – Eg har ikkje heilt bestemt meg, men ser at havbruk er noko eg kunne tenkt å jobba med. Sjølv er eg ein ivrig laksefiskar, og det er ein del utfordringar knytt til oppdrett og lus. Den problematikken har eg lyst å vera med å løysa, slå Atle fast.
Sigrid Bojesen Fatnes, er prosjektplanleggjar Statkraft i Sauda, og forstår godt kva ungdomane snakkar om. – Ungdom er opptatt av eit arbeid med meining, mykje meir enn før då ein jobb var ein jobb. Ja, dei unge ønskjer å jobba med noko som har eit føremål, seier ho og legg til: – Det er dessutan viktig at me kan skapa gode samfunnet rundt, slik at det blir eit godt liv på og utanfor arbeid. Levande lokalsamfunn og eit godt kulturtilbod, er ein del av pakka når folk søkjer seg jobb.
Ungdom, framtid, arbeid, verdiskaping og innhald er blant stikkorda i denne utgåva av Ryfylkepuls. Ja, ei sending det er vel verd å få med seg. Dessutan får du skikkeleg kortreist og god mat på slutten. Ryfylkekokken Frode Selvaag byr på ein frisk og litt annleis tomatrett. God appetitt, i søkk og kav!