Jørpeland er «hot»

sep 11, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Folk strøymde til Jørpeland i sommar. Ein god del tok turen vidare til Preikestolen. Og fleire har handla fritidsbustad utan særleg tenketid.

Det blei ikkje eit Ryfastblaff. Då Ryfylketunnelen opna 30. desember i fjor, fekk ytre Ryfylke generelt og Jørpeland spesielt invasjon av gjestar frå Rogaland. Så kom koronastoppen. Mange venta nedgang. Mars til mai var tunge. Men:
– Det blei ein sommar med mykje besøk, fastslår ein nøgd sentrumsleiar Elin Aasheim Rossemyr på Jørpeland.
– Hyttegjestane har vore meir på hytta enn elles og brukt kommunen. Det er utruleg bra. I tillegg ser me at folk frå Stavangerområdet går turar i fjella rundt Jørpeland. Og så bruker dei byen etter fjellturen, seier sentrumssjefen.
Naturleg nok er det litt ulike opplevingar frå butikk til butikk i Ryfylkebyen.
– Men, dei fleste butikkane har opplevd ein auke i omsetnaden, forklarer Elin Aasheim Rossemyr.

Helge Kjellevold er leiar for Lysefjorden Utvikling, og kan skilta med gode Preikestolen-tal, ut frå faktumet at den utanlandske marknaden meir eller mindre forsvann. Teljeapparatet viser 163 057 personar som har gått til Preikestolen dei første åtte månadene av året.
– Det er 120 000 færre enn for same tid i fjor. Men, det er slettes ikkje gale. Spesielt i juli var det mange som gjekk til Preikestolen også i år, fortel Kjellevold.

Ei som opplever pågangen av stavangerfolk i Ryfylke, er dagleg leiar Marion Espedal i Aktiv Eiendomsmegling Ryfylke.
– Jøsses ja. Me merkar det aller best på fritidsmarknaden. Eg trur me kan takka korona og Ryfast for at alle vil ha hytte i Ryfylke. Og dei skal ha hytta brennkvikt. Nå ligg tomtene og hyttene ute kort tid, og salet er i alle fall dobla i forhold til same periode i fjor, røper ho.
– Det er rett og slett ein fryd. Stader som Idse og Kvalvåg, ikkje langt frå Jørpeland, er mest populære. Men, me merkar trøkket i heile Ryfylke. Og det går også raskare å selja bustader enn før. Det er ikkje same tempoet som på fritidsmarknaden. Men, det er absolutt kjekt for tida, smiler Marion Espedal.

Ryfasteffekten har foregreina seg til heile Ryfylke, også dei indre delane som Sauda og Suldal. Det gjer at Aktiv Eiendomsmegling Ryfylke nå etablerer eige salskontor i Sauda.
– Folk i Indre Ryfylke fortener å nyta godt av dei høva som ligg i eit fast meklarkontor, understrekar Marion Espedal.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This