Juletrebyen Jørpeland glitrar fram til jul

des 10, 2019 | Nyhende

Det pliktar å kalla seg «Juletrebyen» i Norge. Jørpeland er verkeleg i «julevinden» nå i desember. Med aktivitetar og opplevingar på løpande band, og ikkje minst mange juletre, lever tettstaden i Strand opp til namnet «Juletrebyen».

Laurdag 21. desember steller speidarane i stand aktivitetar i den lune og koselege Huleskogen. Men, laurdagen før blir det gratis julegraut med Strandbuen og Strand Toraderlag, samt ein heilt spesiell mannekengoppvising i motehuset Byberg. Felles for begge laurdagane er at Jørpeland musikkorps og sjølvsagt julenissen skaper stemning begge laurdagane. Ja, nissen dukkar opp fleire andre dagar også.

Sjefen for Jørpeland sentrum, Kolbjørn Pedersen, er eit stort glis i desember. «Ryfylkebyen», «Preikestolen Village» og «Juletrebyen». Kjær stad har mange namn. Pedersen er sjølv høgt og lågt på Jørpeland for å få alt på plass undervegs. I tillegg kan han lokka med kveldsope til kl 20 måndag-fredag dei to siste vekene før jul.

Men, der andre tettstader tar julefri når julaftan kjem, har Jørpeland rosina i pølsa til slutt. Laurdag 4. januar er det klart for nok eit norgesmeisterskap i juletrekasting, eit populært innslag i Jørpeland sentrum. Då blir jula bokstaveleg tala kasta ut, i alle fall i Ytre Ryfylke.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This