Juryen si grunngjeving

nov 9, 2022 | Lite toppbilde, Ryfylkealliansen

Foto: Benjamin Nordhagen, Portal Norge

Vinnaren av Pilt-Ola prisen 2022 har i årevis lagt til rette for opplevingar og turgleder for tusenvis av menneske. Med tungt fysisk arbeid, blikk for organisering og teft for å få med samarbeidspartnarar, har han skapt eit storstilt arrangement i Ryfylke, som nå er kjent i heile Norge.

I 2007 deltok 60 personar i det som var det første motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp i Sauda. Nå samlar arrangementet over 1000 deltakarar, med alt frå toppidrettsutøvarar og mosjonistar til glade turgåarar i alle aldrar. Hovlandsnuten Opp var Norgesmeisterskap i motbakkeløp både i 2014 og 2022, og har hatt Norgescup-status ved fleire høve. Sjølv om me jo veit at lokalsamfunnet i Sauda løftar i flokk, hadde det ikkje vore noko Hovlandsnuten Opp utan Per Inge Fjellheim; gründer, organisator og gjennomførar.

Men, Hovlandsnuten Opp er mykje meir enn eit arrangement ein laurdag i juni. Stien og vegen frå Saudasjøen og opp til Hovlandsnuten, 931 meter over havet, er utbetra, lagt om og tilrettelagt fleire gonger. Her er det etablert Eventyrskog, Trollplass, gapahuk og benker. Alt etter initiativ frå Per Inge Fjellheim. Utan hans utrettelege innsats, evne til å skaffa finansiering og god kontakt med grunneigarar, ville slike resultat vore umoglege. Seinast i oktober var det nytt arbeid med å utbetra stien. Då var Sherpa-steinleggjarar på plass, på Per Inge sitt initiativ. Opp- og nedturen for turgåarar blir så mykje, mykje betre.

Apropos sherpatrapper. Kven var det som fekk ordna skikkelege trapper heilt opp til Svandalsfossen, ved Nasjonal Turistveg-anlegget i Sauda? Sjølvsagt Per Inge Fjellheim. Nå kan folk fota seg opp til sjølve storfossen, i det som er blitt ei turperle. Per Inge har eigenhendig stått for vedlikehald og kantklipping ved Svandalsfossen sidan 2006. 

Pilt-Ola sjølv, Ole Olsen Sangesand ønskte å skaffa folk betre levekår. Det er i Per Inge Fjellheim si ånd. Han brenn for dugnadslivet, og er der ein bauta. Per Inge ivrar for at folk skal koma seg ut og vera aktive, ja her går folkehelse og trivsel hand i hand. Og det gjeld for alle. Når det er Hovlandsnuten Opp, får Per Inge med seg både barnehagar, helsearbeidarar, taxisjåførar og grupper med funksjonshemmingar. Topptur er for alle.

I statuttane for Pilt-Ola prisen står det mellom anna:

– At kandidaten ikkje har gjeve opp trass i motbakkar.
Innsatsen til Per Inge Fjellheim har kosta tid og krefter. Men, motbakkar har bokstaveleg tala blitt eit pluss. Inga hindring, men rett og slett ein ressurs.

Vidare står det i statuttane:

– At kandidaten kan inspirera til fornyande og framtidsretta innsats i og for Ryfylke.
Per Inge Fjellheim har nytta naturgjevne forhold til både å skapa ein folkefest, men også løfta folkehelsa i eit vidt perspektiv året rundt.

Og så legg ein vekt på dette:

– At tildeling gjev god marknadseffekt for Ryfylke.
Hovlandsnuten Opp er blitt eit nasjonalt arrangement i Ryfylke. Og tilgjenge til Svandalsfossen er dessutan ein del av Nasjonal Turistveg.

Per Inge Fjellheim er ein verdig vinnar av Pilt-Ola prisen 2022!

Arkiv

Relaterte innlegg

Høg puls i Ryfylkequizen

Høg puls i Ryfylkequizen

Skulefinalane i Ryfylkequizen inneheldt engasjement, vinnarvilje, oppturar og fortviling. For det er ingen tvil om at konkurransen om å koma til storfinalen i Sauda er tøff. – Elevane har vist fantastisk innsats og imponerande kunnskapar, slår Kristine Olsen i...

Merkevareprisen Ryfylke 2022 tildelt Norsk Juletreservice

Merkevareprisen Ryfylke 2022 tildelt Norsk Juletreservice

Styreleder i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Norsk Juletreservice ved Mikal Hetland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Jelsa 9. november. Årets vinnar er stolt over å ha beina godt planta i Ryfylke, samtidig som blikket rettar seg utover eigen...

Per Inge Fjellheim er vinnar av Pilt-Ola prisen 2022

Per Inge Fjellheim er vinnar av Pilt-Ola prisen 2022

Foto: Benjamin Nordhagen, Portal Norge Han har lagt til rette for folkefest og folkehelse i årevis, og på same tida sett Ryfylke på kartet nasjonalt. Per Inge Fjellheim frå Sauda er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen 2022....

Pin It on Pinterest

Share This