Juvelen Nordmarka

sep 21, 2021 | Framside, Nyhende

Heile 100 mål er tilrettelagt for næring. Nå tar interessa for alvor av. Tau Næringspark er blitt populært.


– Me skulle vera klare til Ryfast opna. Det klarte me, og me merkar verkeleg at fleire vil etablera seg her.
Hogne Fjellanger ser stolt rundt seg. Industrigründeren og investoren frå Tau har grunn til å smila. Næringsområdet i Nordmarka husar alt frå høgteknologi til mekanisk industri, og fleire vil vera med.

Så langt har Tau Næringspark AS selt 30 av 100 mål med næringsareal. Nye bygg på vel 4000 kvadratmeter står klar i desse dagar, og meir er på gang.

Torsdag 16. september kunne lyttarane av NRK Rogaland vakna til toppsaka om at næringsområdet i Ytre Ryfylke verkeleg er i vinden. Eit nasjonalt dronesenter etablerer seg også her, og både nasjonale og internasjonale kundar bankar på døra. 
– Tau Næringspark er på mange måtar porten til Ryfylke. Me ligg med kort veg til Stavanger og Nord-Jæren, og sentralt i Ryfylke. Me går absolutt ei svært spennande tid i møte, meiner Hogne Fjellanger.

Han gler seg over etableringar i Nordmarka, både knytt til datateknologi, elektronikk, mekanisk industri, havbruk og andre bransjar. 
– Det er ikkje alle som veit at dette området alt nå sysselset vel 500 personar. Meir skal det bli, slår investoren fast og spring vidare til neste potensielle kunde.

Innslaget til NRK Rogaland kan du høyra her:

Lokalen – Distriktsprogram – Rogaland – NRK Radio

Finn «Ryfast-effekt for næringslivet» kl. 01.01.24

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This