Kake for kassa, som nå blir lagt ned

mar 4, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Siste bankkasse i Rogaland er nå historie for SR-bank. Måndag 2. mars var det kake, mimring og meiningar, før SpareBank 1 SR-bank sløkte lyset for godt i bankbygget på Finnøy. Men, om kassa forsvinn, blir SR-Bank verande på Ryfylkeøyane.

– Det er trist og vemodig, slår Herborg Sande frå Finnøy fast.
– Eg synest det er grusomt og eg forstår ikkje kvifor banken legg ned, konstaterer Benny Helgeland frå Sjernarøyane.
Begge er innom i banken for å få utført nødvendige tenester. Denne måndagen får dei kake i tillegg. Banken legg ned tilbodet om kasse og daglegbanktenester på Finnøy.
– Det er klart det er vemodig. Eg har vore banksjef her i ni år, så det er ein rar dag. Men, det er likevel den vegen me lenge har sett det ville gå. Det meste skjer digitalt og ikkje andlet til andlet lenger, forklarar banksjef for Ryfylkeøyane og Randaberg, Geir Saupstad.
Han deler raust ut på marsipankake og kaffi for dei som kjem innom denne spesielle dagen. Bankbygget har stått solid og stødig sentralt i Judaberg sentrum på Finnøy i 41 år. Men, bankhistoria er eldre. Ingen som lever på Finnøy i dag hugsar noko anna enn at det har vore eit bankbygg ein kunne gå til for å få utført banktenester.
Men, opningstidene har gått ned i takt med at årstala har gått opp.
– Me kunne koma her kvar dag. Deretter gjekk banken ned til måndag, onsdag og fredag, for deretter to dagar i veka. Så blei det ein langdag måndag, før det blei ein vanleg måndag og nå stengjer dei heilt. For oss frå Sjernarøyane, har me gjerne reist til Finnøy på måndagane og tatt nødvendige ærend, som bank og legekontor, fortel Benny Helgeland og et opp siste del av kakestykket.


Digitale endringar
Benny bruker brevgiro, og treng fleire girolappar. Dessutan set ho inn pengar i kassa. Herborg har heller ikkje kasta seg ut i det digitale.
– Det vil seia eg held på å læra meg litt. Ungane, som er godt vaksne, skal prøva å få litt digitalt vet inn i meg, ler Herborg, og legg til:
– Nei, det er skikkeleg leit at banken nå stengjer lokala.
– Men, me forlet ikkje Finnøy. Me skal framleis vera til stades og tilby rådgjeving, forsikring og lån til landbruk med meir, skyt banksjef Geir Saupstad.
– Vel, lån og landbruk er eg ferdig med, kjem det kjapt frå Herborg Sande.
Benny Helgeland vil også sakna det sosiale.
– Det har vore så kjekt å koma innom banken. Her har me fått ein kaffikopp medan me ventar og før me skal på neste ærend, seier pensjonisten frå Sjernarøyane, øysamfunnet nord for Finnøy.

Siste bastion
Finnøy har vore kjerringa mot straumen. For det er faktisk SR-bank sin siste kasse som nå blir lagt ned. Ja, der kassa forsvann i Sandnes i 2014 og Stavanger i 2016, har finnøybanken halde stand.
– Her har folk kunne tatt ut pengar frå kassa. I tillegg har det vore mogleg å setja inn pengar, enten det er bursdagspengane til små barn, pengane til laget etter basaren i helga eller kiosksalet frå Tomatfestivalen. Nå blir ikkje dette mogleg lenger, fortel Geir Saupstad.
Private uttak kan ein nå gjera i minibanken, som for øvrig blir flytta inn i Coop Extra sitt bygg.
– Så då må folk ta ut pengar i butikken sine opningstider, legg Saupstad til.
Andre uttak og innsett blir i automatar på Randaberg eller Stavanger, men:
– Det er også mogleg å bestilla ei teneste om henting av pengar. Men, det er klart, då må ein betala eit gebyr for å gjera det. Så kanskje er det enklaste å kjenna nokon som skal innom Randaberg eller Stavanger, erkjenner banksjefen.


Forsvinn ikkje frå Finnøy
Geir Saupstad trur overgangen går greitt for dei fleste.
– Det er færre og færre som bruker kassa til å setja inn pengar. Dei siste fire åra er transaksjonane over kassa halvert her på Finnøy. Me blir meir og meir digitale, og det må banken forhalda seg til, meiner han, og lovar at SR-bank skal vera synleg vidare på Ryfylkeøyane.
– SR-bank skal engasjera seg i lokalsamfunnet, både i sponsorarbeid og gode kunderelasjonar. Og når me nå stengjer i bankbygget, flyttar me nokre hundre meter lenger ned i gata. For me kjem til å ha kontor i Ryfylke Næringshage på Judaberg. Der kan ein avtala møte med våre rådgjevarar på måndagar, nett som det har vore i bankbygget, seier Saupstad.
Benny Helgeland har uansett ikkje sans for omlegginga.
– Eg er så glad eg har levd i glansperioden. Det er akkurat som om nå går alt nedanom og heim. Me som ikkje er så tekniske på alt sånn, ja me ramlar litt ut på sidelinja, sukkar ho.
– Eg forstår godt at mange tenkjer slik. Men, me skal gjera vårt for å hjelpa kundane med deira behov, svarar Geir Saupstad, og veit at i hans banksjeftid har han vore med å leggja ned bankkontora på Kvitsøy, Rennesøy og nå Finnøy.
– Gud betre, me har mykje å takka deg for, kjem det ironisk, men med eit sjarmerande smil frå Benny Helgeland og får ein god klem av banksjef Geir Saupstad.

Men, om kassa er tom, er ikkje banken heilt borte.

Arkiv

Relaterte innlegg

Snodig Ryfylke-påske, som kan bli fin

Snodig Ryfylke-påske, som kan bli fin

Me skulle så gjerne sagt til alle: «Velkomen til ein magisk påske i Ryfylke 2020». Men, me veit at 2020-påska blir annleis, for oss alle. Me er bedne om å halda oss der me bur, i eller utanfor Ryfylke. Me som bur i Ryfylke vonar me får ei fin påskehøgtid på avstand...

Draumen om turen frå fjord til fjell

Draumen om turen frå fjord til fjell

I desse dagar er det saudabuen som kan nyta turområda på veg til Hovlandsnuten. Men, når koronaviruset er på retur og Norge, Ryfylke og Sauda opnar seg opp att, ligg ein turskatt av dei sjeldne og ventar på deg i Sauda. Saudafolket er eit turfolk. Eit friluftsfolk,...

Vårgnist i Bergekrossen

Vårgnist i Bergekrossen

- Det er viktig å dra fram alt som er positivt for tida. Og her hjå oss er det ein veldig god tone, seier Leif Bakka i Møgedal Mek. Verkstad. Han ser at våren gjer ryfylkingen godt, og handlar deretter. Permitteringar, stengte forretningar og kundesvikt. Du høyrer og...

Pin It on Pinterest

Share This