Dei jobbar saman på garden, ja begge to. Ekteparet Elsa og Gunleif Haukelid inviterer til fjørfeglede i stort, stort slag i denne utgåva Ryfylkepuls. Det er mengder med egg, høner og etter kvart kyllingar.
Forsand er så visst meir enn sand, det er ikkje minst landbruk. Dessutan er det idrettsglede og ungdommeleg pågangsmot. Her er det folk som veit kva dei vil, og … Ja, han har 600 kampar for Forsand Idrettslag, og spelte til han var nesten 70 år. Ein legende av dei sjeldne. Ja, nesten på same nivå som Ole Olsen Sangesand, kjendisen frå 1800-talet. Mest kjent som Pilt-Ola. Og nå blir det utandørs teater i Lysefjorden. Ikkje rart at folk i Forsand gjer som Pilt-Ola, går og går og går og går. Kom og nyt utsikten i Ryfylkepuls frå denne fantastiske bygda.