Kan bli eit amputert festivalår i Ryfylke

mar 23, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Avlysing? Nedjustering? Full fres? Mange festivalarrangørar i Ryfylke veit at festivalar og store arrangement kan bli råka av koronakrisa.

På eit eller anna tidspunkt må kvar festival avgjera om det blir arrangement i år. Tidspunktet for avgjerd nærmar seg, først og fremst for Ryfylke-festivalane på forsommaren.
– Det er ingen tvil om at Saudadagane heng i ein tynn tråd. Alle artistar, riggselskap og utstyrsleverandørar er kontakta og veitt at det kan bli avlysing, fortel sjef for Saudadagane, Ragnar Fosstveit i Sauda Ferie og Fritid.
Det er bortimot daglege vurderingar i arrangørstaben, som har dei populære Saudadagane på kalenderen 27.-31. mai. Dei strenge, men nødvendige restriksjonane grunna koronaviruset, gjeld i første omgang ut veka. Helsestyresmaktene har meir enn hinta om at det blir strengt framover mot påske også, i første omgang.
– Nå i slutten av mars må me i Saudadagane avgjera om me kan arrangera årets festdagar. Det er eit omfattande arrangement, som krevst planlegging over tid. Eg les at ein del ekspertar spår at toppen på koronasmitta kjem i mai. Det gjer ikkje akkurat situasjonen betre, påpeikar Fosstveit, og legg kjapt til:
– Men, alle forstår om me må avlysa. Det er jo fortvila for både artistar, leverandørar, arrangør og publikum. Men, me må halda oss til det pålegget styresmaktene gjev oss.

Ryfylkedagar «light» til hausten?
Naboen i Suldal, Ryfylkedagane på Sand, skal etter planen arrangerast helga etter, 5.-7. juni. Marit Larsen i Suldal Vekst, håpar framleis at den eldste festivalen i Ryfylke kan haldast for 39. gong på rad.
– Alle som har jobba med festivalen, har akkurat nå fritak for arbeidet. Artistar og andre som er bestilt, har fått varsel om at me nå ikkje veit om det blir Ryfylkedagar. Per nå har me sagt at me bestemmer oss rett før påske om det blir festival og eventuelt om kva omgang, forklarar Marit Larsen.
Ei vurdering er om mogleg å laga til mindre møteplassar eller kanskje utsetja noko til hausten.
– I Suldal har me også Møgedalsmarknaden i starten av oktober. Kanskje kan me kombinera med noko frå Ryfylkedagane den helga? For til hausten må me jo vera i gjenge igjen i dette landet, vonar ein alltid optimistisk Marit Larsen.

Sjanse for folkefest og løpsfest?
Festhelgane kjem som perler på ei snor i Ryfylke nå før sommaren. 11.-14. juni står den best besøkte festivalen, Strandadagane på Jørpeland, oppført i kalenderen. Elin Aasheim Rossemyr er ny sentrumsleiar i Ryfylkebyen Jørpeland og har hovudansvaret for festivalen. Det kan bli ein heftig start.
– Me har jamlege statusmøte i arrangementskomiteen. Og per nå jobbar me som om det blir Strandadagar. Me må ta ei endeleg avgjerd midt i april, med mindre styresmaktene før den tid seier me ikkje kan ha slike samlingar på denne sida av sommaren, informerer Aasheim Rossemyr.
Same helga, nærare bestemt laurdag 13. juni, valfartar folk til Sauda for å delta i Hovlandsnuten Opp. Det populære motbakkeløpet er blitt ein klassikar i norsk målestokk, og får både toppidrettsutøvarar og halvslakke mosjonistar til å karra seg opp 931 meter over havet.
– Me vonar det blir løp. Og me treng ikkje avlysa før 14 dagar før. Me har informert innleigde underhaldarar om situasjonen, og kryssar fingrane nå for at det blir løpsfest 13. juni, seier primus motor Per Inge Fjellheim.

Tomat, frukt og laks i haust?
Dei som har litt betre tid på å ta ei avgjerd er Tomatfestivalen på Finnøy 20.-23. august og Frukt og Laksfestivalen i Hjelmeland to veker seinare.
– Sjølv om me følgjer situasjonen nøye, jobbar me per i dag som om det blir festival 4. til 6. september, fortel festivalsjef Vidar Lund. Oppi all koronakrisa har han og styret lansert ny logo og nytt, forfriska namn på Norsk Frukt og Laksefest. Så i september er det håp om å ønskja velkomen til «Ryfest – Hjelmeland Naturlegvis».
I øyane i vest tenkjer festivalsjef Silje Vignes Flesjå dagleg på om det let seg gjera å arrangera Tomatfestivalen på Finnøy. Nyleg lanserte festivalen Dag Otto Lauritzen som årets hovudgjest ei heil helg til ende.
– Me jobbar med målsetting om at det blir festival. Men, kjem me for langt ut på våren før me får klarsignal om å kunna arrangera, er også ei forenkla utgåve ei løysing. Det tar tid å få ein festival opp å stå, understrekar Vignes Flesjå.

Dei nemnde festivalane er blant dei største arrangementa i Ryfylke i sommarhalvåret. Men, arrangørane av både Fisterdagen 6. juni, Saudatreffen 19.-21. juni, Jordbærfestival på Sand 27. juni, Lysefjorden Vandrefestival 11.-13. september og mange andre bygdedagar følgjer også spent med om det let seg gjera å arrangera i 2020.
Svaret er uansett unisont frå alle arrangørane:
– Me må forholda oss til det helsestyresmaktene seier. Og på eit tidspunkt må me ta ei avgjerd.

Arkiv

Relaterte innlegg

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Søknadsfristen nærmar seg!

Søknadsfristen nærmar seg!

1.mars er fristen for å søkja om plass ved dei vidaregåande skulane, og i Ryfylke har me to av desse.  Strand vgs er ein skule som ligg sentralt på Tau i Strand kommune. Med visjonen "Det beste i den enkelte" er tilsette ved Strand vgs opptatt av og bevisste på å sjå...

Pin It on Pinterest

Share This