Klar – ferdig – quiz!

feb 5, 2024 | Framside, Nyhende, Ryfylkequiz, Ryfylkequiz 2023

Sand skule

KF-skolen Jørpeland

Finnøy skule

Nå skjerpar ryfylke-ungdomen sansane. For avspark til årets Ryfylkequiz er tatt. Det er berre til å kosa seg med masse fakta og funderingar om Ryfylke. 

Det er eit sikkert vinterteikn, som etter kvart gjev ein ny vår.  For niande året på rad får åttande-klassingane i Ryfylke sjansen til å læra meir om nettopp; Ryfylke. Ryfylkequizen er blitt ein populær slager ved dei ni ungdomsskulane, og nå er me i gang med 2024-utgåva.

Dei siste vekene har Ryfylkealliansen besøkt skulane, og hatt startskotet for quizen. Med filmar, bilete, kartvandring, kjappe fakta og ein mini-quiz har ungdomane fått innblikk i kva Ryfylke er, med alt frå geografi til næringsliv, ungdom til historie. På Sand skule (hovudbilete) blei Simon Bakka (f.v.), Trygve Mehus Rugland, Guro Søraas Vasshus og Torunn Tysseland utfordra berre eit minutt etter at dei hadde fått masse info om Ryfylke. 90 prosent rette svar var bra. Bare tenk på korleis det blir når dei får læra endå meir. 
– Det neste som skjer nå er at alle elevane får eit pensum om Ryfylke. Det er både informasjon, kuriosa, tal og historie. Me veit av erfaring at lærarane tar pensumet med inn i undervisninga, og at elevane tileignar seg kunnskapen, fortel Maria Flesjå Sivertsen i Ryfylkealliansen. Saman med kollega Tor Øyvind Skeiseid skal ho reisa rundt på skulefinalar i midten av mars.  
– Elevane blir delte opp i lag på tre og tre, og til slutt kårar me ein skulemeister ved kvar av dei ni skulane, forklarer Maria. 
– Deretter veit me at det blir mange timar med pugging og læring for dei ni finalelaga inn mot den store Ryfylkequiz-finalen 22. mai. For femte året på rad sender me finalen direkte på nett og facebook kl. 12, legg Tor Øyvind til.

I år skal finalen sendast frå Strand kommune. 
– Me skal gjera det godt der, smiler Josef Bråtveit (f.v.), Magnus Norland, Silvia Espedal og Oline Gemelia Aaen, som går på den private ungdomsskulen KF-Skolen på Jørpeland. 

På Finnøy er dei også klara for å læra seg endå meir om Ryfylke. Ida Spanne Fausk (f.v.), Sofia Eiane Setvik, Christer Tysdal og Lukas Christophersen håpar det blir siger til øybuane. I så fall vil det vera første gongen Finnøy vinn.

Dei åtte finalane er vunne av Hjelmeland Ungdomsskule (3), Tau skule (2), Sand skule (2) og Sauda ungdomsskule. Dei andre skulane som konkurrerer er Finnøy skule, Forsand skule, Jørpeland ungdomsskule, KF-Skolen og Tryggheim Strand. 

Hjelmeland Sparebank stiller med premiar, der dei tre beste laga får pengepremiar. 

Me diggar Ryfylkequizen og Ryfylkeungdomen 

Me bryr oss om framtida. Derfor bryr me oss om ungdomen i Ryfylke. Sjølvsagt er me i Hjelmeland Sparebank med når Ryfylkealliansen byr opp til Ryfylkequiz. Det er ei stor ære å vera medspelar når Ryfylke sine 8. klassingar konkurrerer om kven som veit mest om regionen dei bur i.

Banken har vore med sidan starten av Ryfylkequizen i 2016. Me har late oss imponera av alt ungdomen kan og engasjerer seg i når det gjeld Ryfylke. Så er det stas for oss som bank å få gje ungdomane litt startkapital til det vaksne livet, ettersom me gjev pengepremiar til dei tre beste laga i quizfinalen. Det største ønsket vårt, er uansett at dei som nå veks opp ser ei framtid i Ryfylke. Det er sunt å koma seg ut, få seg utdanning og erfaring. Men, me vonar dagens ungdom ser moglegheitene i å koma tilbake til Ryfylke.

Neste gong me møter desse quizfinalistane, spør dei kanskje om lån for å etablera seg i Ryfylke? Då vil me i Hjelmeland Sparebank satsa på dykk igjen!

Lukke til med årets Ryfylkequiz. Me følgjer med og er tett på. 

Bjørn Tjensvold 
Banksjef Hjelmeland Sparebank 

Arkiv

Relaterte innlegg

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Søknadsfristen nærmar seg!

Søknadsfristen nærmar seg!

1.mars er fristen for å søkja om plass ved dei vidaregåande skulane, og i Ryfylke har me to av desse.  Strand vgs er ein skule som ligg sentralt på Tau i Strand kommune. Med visjonen "Det beste i den enkelte" er tilsette ved Strand vgs opptatt av og bevisste på å sjå...

Spring for livet

Spring for livet

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre.   Gjer deg klar for...

Pin It on Pinterest

Share This