Klare for å kvessa til quiz

mar 10, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen, Ryfylkequiz

Over 400 åttande klasse-elevar skjerpar sansar og hiv seg ut i fakta om Ryfylke. Nå skal det kjempast om kva 14-åringar i Ryfylke som veit mest om nettopp Ryfylke. Denne smilande gjengen frå Sand ungdomsskule, vil gjerne til topps.

Det har vore eit sikkert vårteikn sidan 2016: Ryfylkequiz for åttande-klassingar. Ein populær kappestrid om rette svar, pengar, heider og ære.
– Og først og fremst ein måte å skapa tilhøyrsle og identitet blant elevane, fortel prosjektleiar Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylkealliansen.
Det er Ryfylkealliansen som har ansvaret for Ryfylkequizen, som eit ledd i å løfta Ryfylke opp og fram i og utanfor Ryfylke.
– Og i fjor nådde me langt ut over eigne grenser. Då sende me den store finalen direkte på www.ryfylke.no, og fleire tusen menneske fekk med seg spenninga då Sauda ungdomsskule gjekk heilt til topps, fortel Skeiseid.

Elevar ved Jørpeland ungdomsskole følgjer med når musikkvideoen om Ryfylke blir vist, som ein del av introrunden.

Lytta – pugga – tevla
Før vinterferien vitja Ryfylkealliansen alle åttande-klassingane på deira skular. I løpet av ein skuletime fekk elevane presentert historie, fakta, næringsliv, kvardagsliv og glimt frå og om Ryfylke. Denne veka har elevane fått tilsendt pensum.
– Ja, det er ikkje småtteri dei skal setja seg inn i. Her er fakta, kuriosa og informasjon om stader og kommunar i Ryfylke. Kan elevane pensum og det som dei finn på www.ryfylke.no, ja då har dei gode høve til å lukkast, fortel Tor Øyvind Skeiseid.
For i april er han og Ryfylkealliansen tilbake med skulefinalar på ni ungdomsskular i Ryfylke. Vinnarlaget frå kvar av desse skulefinalane, skal møtast til den store direktesende finalen i juni.
– Og i år blir finalen send frå Forsand. Me gler oss både til å visa fram bygda og Ryfylke til alle som måtte sjå finalen direkte eller i opptak, understrekar Tor Øyvind Skeiseid.

– Me har presset på oss. Sauda gjekk til topps i fjor. Men, klarer nokre av desse elevane frå Sauda ungdomsskule å gjenta bragden?
– Me gler oss til nok ein runde med Ryfylkequiz, slår banksjef Susanna Poulsen fast.

Flotte premiar
Ryfylkealliansen har ein solid medspelar med på laget, nemleg Hjelmeland Sparebank.
– Banken har vore med sidan starten av Ryfylkequizen. Me har late oss imponera av alt ungdomen kan og engasjerer seg i når det gjeld Ryfylke, forklarer banksjef Susanna Poulsen i Hjelmeland Sparebank. Banken blar opp 1 500 kroner til kvar av dei tre på laget som går til topps, i tillegg til 3 000 kroner til klassekassen. Sølvvinnarane mottar 1 000 kroner kvar, medan dei som endar på tredje plass får 500 kroner kvar. Det er også premiar til dei andre seks finalelaga.
– Me gler oss til nok ein runde med Ryfylkequiz, og er spesielt glade for at direktesendinga gjer at så mange får med seg dette spennande og artige arrangementet, avrundar Susanna Poulsen.
– Det å kunna skilta med pengepremiar, gjer ikkje akkurat ungdomane mindre motiverte. Kombinasjonen inntening og identitet er ikkje å forakta, ler Tor Øyvind Skeiseid.

Følg med på Ryfylkequizen her

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This