Kokkekraft og optimisme

nov 3, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Koronastengt og sprudlande sommar. Heftig haust og usikker førjulstid. Både erfarne Kulp og nykomaren Smaken av Ryfylke har hatt eit skiftande år, og vel sjå positivt på framtida.

– Sommaren blei heilt overveldande. Det velta inn med norske turistar. For å handtera smittevernreglar, måtte me omorganisera oss brennkvikt. Med god hjelp frå mellom anna Suldal Vekst, fekk me gjort tiltaka me måtte, fortel Terje Bjørndal.
Bjørndal er kokk og eigar av Kulp, med base på Garaneset på Sand. I 11 år har han drive verksemda. 2020 skil seg ut i så måte. I mars blei han og dei sju andre tilsette permitterte.
– Me opplevde at folk var redde og me sjølv var redde. Avbestillingane ramla inn, og ja, me var svært urolege for vidare drift, erkjenner Bjørndal.
Nokre månader seinare stod gjengen nedlessa i arbeid. Nordmenn på norgesferie reiste til Suldal, for å seia det slik.
– Norske turistar er rause når dei opnar lommeboka på spisestader. Det merka me på økonomien, smiler Terje Bjørndal.

Ryfylkemat med tyske snert
Nokre mil lenger sør hadde Sebastian Schläwicke store opningsplanar for Smaken av Ryfylke, i restaurantlokala til det nedlagte Spa-hotellet på Hjelmeland. Dårleg timing med planlagt opning i mars …
– Me måtte forskyva opninga to månader. 20. mai var me i gang. Etter ein fin start, blei sommaren over all forventing. Båtfolket var begeistra over tilbodet og me hadde besøkjande frå store delar av Rogaland. Helgane var svært godt besøkte, fortel Schläwicke.
Sjølv er han frå Berlin i Tyskland, nå busett på Fister, og har fått med seg foreldre og søsken på satsinga på Hjelmeland.
– Me ønskjer å tilby god kvalitet til fornuftig pris, og bruker i hovudsak lokale råvareleverandørar. Då kan me også kalla verksemda Smaken ev Ryfylke.
– Og korleis har hausten vore til nå?
– Etter ein bratt nedtur rett etter sommarferien, byrja det å snu positivt igjen. Me har hatt temahelgar, dagens spesial og gjort andre smarte trekk for å lokka kundane til restauranten, forklarer Sebastian Schläwicke, som er kokk og dagleg leiar.

Herleg haust og spennande november
– Hausten har vore like fantastisk som sommaren. Siste veka i august og i heile september har det gått i konfirmasjonar og bryllaup kvar helg. Det har vore kjekt å få vera med på feiringar igjen. God mat og glade folk, varmar eit kokkehjarte, understrekar Terje Bjørndal i Kulp.
Nye koronarestriksjonar gjer at det å planleggja ikkje er det lettaste når ein driv med matlevering og matservering.
– Det er ikkje lett, men me har på ein måte kjensla av at det er likt for alle. Om ein stod åleine i denne situasjonen hadde det vore mykje vanskelegare. Me må tenkja positivt og me er sikre på at det kjem noko godt ut av det til slutt, meiner ein alltid optimistisk Kulp-general.
Kokkekollegaen på Hjelmeland er samd:
– Me må jo justera oss heile vegen. Det er ikkje lett å ha kontroll på alt som krevst til ei kvar tid. Me var likevel tidleg ute med å avgrensa tal plassar for å oppretthalda god avstand mellom folk. Og me klarer å løysa utfordringane, forsikrar Sebastian Schläwicke.

Topp Ryfylke-kvalitet
Terje Bjørndal har solid erfaring frå å driva med matopplevingar i Ryfylke. Sebastian Schläwicke er ein ung, erfaren kokk, men nykomar på drift i Ryfylke.
– Me skal halda fram med å køyra same konsept, og byggja ut det lokale nettverket av råvareleverandørar. Så gjeld det å bli meir og meir kjent i lokalbefolkninga, hyttegjestane og få fleire som køyrer riksveg 13 til å stoppa på Hjelmeland. Målet er også å hamna i White Guide The Nordics.
– Som er?
– Ein restaurantguide for Skandinavia kor dei verkeleg gode restaurantane er ført opp, smiler ein optimistisk Sebastian Schläwicke.
Terje Bjørndal i Kulp på Sand har sine tydelege målsettingar:
– Me vil løfta lokale råvarer endå meir fram. Det trur me blir ein endå sterkare trend i åra som kjem, etter at me har fått bukt med denne pandemien. Folk vil vera meir opptatt av at dei er trygge på kor råvarene kjem frå og korleis dei er framstilte, fortel han og legg til:
– Og hovudmålet er å skapa, gode og trygge arbeidsplassar.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This