Det bur folk på 16 øyperler i Finnøy kommunedel i Stavanger. Talgje og Finnøy er landfaste med undersjøiske tunnelar, medan dei andre er knytt saman med kvarandre, Finnøy, Stavanger og Ryfylke med båtar. Kva med ein sykkel- eller båttur til idylliske Sjernarøyane? På Ombo og Talgje blømer blomane. Kanskje du skal ta med familien til ein park med dyr? Tomatar finn du over alt, du kan bestilla overnatting, vera med på aktivitetar eller kva med å besøkja ein ekte sølvsmed? To flotte steinkyrkjer frå mellomalderen er heller ikkje å forakta. Kom til Finnøy – opplev Ryfylke!
Meir informasjon om Finnøy og andre turmål i Ryfylke finn du på ryfylke.com og ut.no.
Foto: Halvard Bøe Foto: Tor Øyvind Skeiseid
Foto øverst: Halvard Bøe