Kom til Forsand – Opplev Ryfylke

jun 16, 2020 | Opplev Ryfylke

Lengst sør i Ryfylke finn du den minste tettstaden i Ryfylke, med tanke på tal folk. Men, du så mykje kjekt du kan gjera på Forsand, ikkje minst om du likar turlivet. Her startar små og lange turar. Eller kva med å vitja fortidslandsbyen Landa, eta middag ved innløpet til Lysefjorden eller få ein triveleg handel nede i strandsteinane. Plass for overnatting har Forsand også. Og rosa dekor langs kaien, er både overraskande og artig i denne ryfylkebygda som ligg i Sandnes kommune.
Kom til Forsand – opplev Ryfylke!

Meir informasjon om Forsand og andre turmål i Ryfylke finn du på ryfylke.com og ut.no.

Foto øverst: Benjamin Nordhagen

Arkiv

Relaterte innlegg

Kom til Sandnes – Opplev Ryfylke

Kom til Sandnes – Opplev Ryfylke

Sandnes er både ein storby og ein stor ryfylkekommune. Frå 1. januar blei største delen av Forsand kommune slått saman med Sandnes. Kva med å starta turen i Sandnes sentrum, for deretter å nyta Lysefjorden eit par dagar. Med hurtigbåt eller ferje får du ein...

Kom til Stavanger – Opplev Ryfylke

Kom til Stavanger – Opplev Ryfylke

Norges fjerde største by er blitt Norges største tomat- og sauekommune. Ryfylkekommunane Finnøy og Rennesøy slo seg saman med Stavanger ved nyttår. Det er eit spennande fellesskap med opplevingar på øyar og i storbyen. Mellomalderkyrkjene på Hesby, Talgje og Sørbø, og...

Kom til Jørpeland – Opplev Ryfylke

Kom til Jørpeland – Opplev Ryfylke

Jørpeland er den største tettstaden i Ryfylke. I sentrum er det trivelege stader å eta og handla bakevarer og andre varer. Jørpelandsholmen er blitt den store magneten når det gjeld turlivet, både for den som vil gå, bada, spela frisbee eller trena. Men, ta gjerne...

Pin It on Pinterest

Share This