Kom til Hjelmeland – Opplev Ryfylke

jun 15, 2020 | Opplev Ryfylke

Hjelmeland er øyar, fjord, hei og fjell på ganske så kort tid. Skomakarnibbå ruvar 700 meter over Jøsenfjorden, vel så mektig som ein viss preikestol litt lenger sør. Stikk gjerne innom Galleri Hagalid på vegen. Smak laksen og fisk laksen. Eplemosten frå Grønvik Gard er kåra til den beste i Norge, og på Helgøy får du både eplemost, moreller og meir til. Fistersendaren på Lauvåsen har ein magisk utsikt. Og Hjelmelandsvågen er eit lite, men triveleg sentrum. Eventyrskogen i Årdal må opplevast. Og du kjem lett til og frå Hjelmeland – ferjene går ofte, og det er kort veg til Ryfylketunnelen frå Stavanger.
Kom til Hjelmeland – opplev Ryfylke!

Meir informasjon om Hjelmeland og andre turmål i Ryfylke finn du på ryfylke.com og ut.no.

Foto øverst: Kristofer Ryde/Visit Ryfylke

Arkiv

Relaterte innlegg

Kom til Sandnes – Opplev Ryfylke

Kom til Sandnes – Opplev Ryfylke

Sandnes er både ein storby og ein stor ryfylkekommune. Frå 1. januar blei største delen av Forsand kommune slått saman med Sandnes. Kva med å starta turen i Sandnes sentrum, for deretter å nyta Lysefjorden eit par dagar. Med hurtigbåt eller ferje får du ein...

Kom til Stavanger – Opplev Ryfylke

Kom til Stavanger – Opplev Ryfylke

Norges fjerde største by er blitt Norges største tomat- og sauekommune. Ryfylkekommunane Finnøy og Rennesøy slo seg saman med Stavanger ved nyttår. Det er eit spennande fellesskap med opplevingar på øyar og i storbyen. Mellomalderkyrkjene på Hesby, Talgje og Sørbø, og...

Kom til Jørpeland – Opplev Ryfylke

Kom til Jørpeland – Opplev Ryfylke

Jørpeland er den største tettstaden i Ryfylke. I sentrum er det trivelege stader å eta og handla bakevarer og andre varer. Jørpelandsholmen er blitt den store magneten når det gjeld turlivet, både for den som vil gå, bada, spela frisbee eller trena. Men, ta gjerne...

Pin It on Pinterest

Share This