Jørpeland er den største tettstaden i Ryfylke. I sentrum er det trivelege stader å eta og handla bakevarer og andre varer. Jørpelandsholmen er blitt den store magneten når det gjeld turlivet, både for den som vil gå, bada, spela frisbee eller trena. Men, ta gjerne turen opp i Jørpelandsfjella. Perfekt å koma med eigen båt eller bil, gjerne gjennom den flotte Ryfylketunnelen frå Stavanger. Kva med ein pust i bakken før eller etter turen til Preikestolen? Største tettstaden ja vel, men ikkje så stor at det ikkje er plass!
Kom til Jørpeland – opplev Ryfylke!
Meir informasjon om Jørpeland og andre turmål i Ryfylke finn du på ryfylke.com og ut.no.
Foto: Kristofer Ryde/Visit Ryfylke Foto: Kristofer Ryde/Visit Ryfylke
Foto øverst: