Kom til Rennesøy – Opplev Ryfylke

jun 16, 2020 | Opplev Ryfylke

Rennesøy kommunedel i Stavanger er åtte øyar lengst vest i Ryfylke. Sju av dei åtte øyane blei landfaste med bruer og tunnelar i 1992. Mange flotte turar, og på 234 m.o.h. Rennesøyhodnet ser du LANGT i alle retningar. Utstein Kloster er Norges best bevarte mellomalderkloster. Mange høve for overnatting, gode tomatar og bading. Truleg den staden i Rogaland det er lettast å koma til, midt mellom sør og nord i fylket. Kom til Rennesøy – opplev Ryfylke!

Meir informasjon om Rennesøy og andre turmål i Ryfylke finn du på ryfylke.com og ut.no.

Foto øverst: Alchemilla

Arkiv

Relaterte innlegg

Kom til Sandnes – Opplev Ryfylke

Kom til Sandnes – Opplev Ryfylke

Sandnes er både ein storby og ein stor ryfylkekommune. Frå 1. januar blei største delen av Forsand kommune slått saman med Sandnes. Kva med å starta turen i Sandnes sentrum, for deretter å nyta Lysefjorden eit par dagar. Med hurtigbåt eller ferje får du ein...

Kom til Stavanger – Opplev Ryfylke

Kom til Stavanger – Opplev Ryfylke

Norges fjerde største by er blitt Norges største tomat- og sauekommune. Ryfylkekommunane Finnøy og Rennesøy slo seg saman med Stavanger ved nyttår. Det er eit spennande fellesskap med opplevingar på øyar og i storbyen. Mellomalderkyrkjene på Hesby, Talgje og Sørbø, og...

Kom til Jørpeland – Opplev Ryfylke

Kom til Jørpeland – Opplev Ryfylke

Jørpeland er den største tettstaden i Ryfylke. I sentrum er det trivelege stader å eta og handla bakevarer og andre varer. Jørpelandsholmen er blitt den store magneten når det gjeld turlivet, både for den som vil gå, bada, spela frisbee eller trena. Men, ta gjerne...

Pin It on Pinterest

Share This