Sand er kommunesenteret i Suldal kommune. Ein koseleg strandstad med høve for å sjå laks, dykka etter laks eller vera ein glad laks i Suldal Bad. Nyt maten, overnattinga og kulturen. Ryfylkemuseet har sitt hovudsete på Sand, og små, koselege gater ein sommardag er ikkje å forakta. Mange meiner Høse Bru er den tøffaste i verda. Og er du glad i å gå tur, så er Sand er eit flott utgangspunkt for mange opplevingar. Når du først er på Sand bør du absolutt også vitja Jelsa og Erfjord.
Kom til Sand – opplev Ryfylke!
Meir informasjon om Sand og andre turmål i Ryfylke finn du på visitsuldal.no, ryfylke.com og ut.no.
Foto: Andreas Solbakken Foto: Torbjørn Erøy
Foto øverst: Lill Marte Apelseth