Sandnes er både ein storby og ein stor ryfylkekommune. Frå 1. januar blei største delen av Forsand kommune slått saman med Sandnes. Kva med å starta turen i Sandnes sentrum, for deretter å nyta Lysefjorden eit par dagar. Med hurtigbåt eller ferje får du ein uforgløymeleg tur! Kom tilbake til byen og opplev eit mangfaldig kulturliv. Vitenfabrikken er ein sikker vinnar for store og små, og då forstår du den energiske kontakten mellom by og land. Kom til Sandnes – opplev Ryfylke!
Meir informasjon om ryfylkedelen av Sandnes og andre turmål i Ryfylke finn du på ryfylke.com og ut.no.
Foto: Jærmuseet/Vitenfabrikken Foto: Tor Øyvind Skeiseid
Foto øverst: Sandnes kommune