Sauda er både den vesle byen med mange tilbod i sentrum, og eit eldorado av utfluktar rundt. Gruvene og arkitekturen i Allmannajuvet er nærast sjølvsagt. Turar ut til Hovlandsnuten og Åbødalen er verkeleg å anbefala, og få gjerne med deg eventyrskogen. Kva med ein dukkert i utebassenget i Sauda sentrum, rett på sida av ærverdige Folkets Hus. Gå ein tur i Åbøbyen, nyt lokal mat, sov i ei mjuk seng og kjenn trøkket frå Svandalsfossen. Her har du alt du treng vita: https://portalsauda.no/. Kom til Sauda – opplev Ryfylke!
Meir informasjon om Sauda og andre turmål i Ryfylke finn du på ryfylke.com og ut.no.
Foto: Arne Espeland / Visit Ryfylke Foto: Benjamin Nordhagen
Foto øverst: Per Inge Fjellheim