Kom til Stavanger – Opplev Ryfylke

jun 17, 2020 | Opplev Ryfylke

Norges fjerde største by er blitt Norges største tomat- og sauekommune. Ryfylkekommunane Finnøy og Rennesøy slo seg saman med Stavanger ved nyttår. Det er eit spennande fellesskap med opplevingar på øyar og i storbyen. Mellomalderkyrkjene på Hesby, Talgje og Sørbø, og Utstein Kloster er smykkeskrin. Turterrenget er for ein kvar smak, tomatane mange og bruer, tunnelar og hurtigbåtar og ferjer knyter øyar og byen tett saman. Stavanger er matbyen i Norge, og kokkane nyttar dei lokale råvarene som kjem frå øyparadiset vest i Ryfylke. Dessutan er Stavanger kun ein 14,4 km lang tunnel til Strand, der du kan gå til Preikestolen. Kom til Stavanger – opplev Ryfylke!

Meir informasjon om ryfylkedelen av Stavanger og andre turmål i Ryfylke finn du på ryfylke.com og ut.no.

Foto øverst: Stavanger kommune

Arkiv

Relaterte innlegg

Kom til Sandnes – Opplev Ryfylke

Kom til Sandnes – Opplev Ryfylke

Sandnes er både ein storby og ein stor ryfylkekommune. Frå 1. januar blei største delen av Forsand kommune slått saman med Sandnes. Kva med å starta turen i Sandnes sentrum, for deretter å nyta Lysefjorden eit par dagar. Med hurtigbåt eller ferje får du ein...

Kom til Jørpeland – Opplev Ryfylke

Kom til Jørpeland – Opplev Ryfylke

Jørpeland er den største tettstaden i Ryfylke. I sentrum er det trivelege stader å eta og handla bakevarer og andre varer. Jørpelandsholmen er blitt den store magneten når det gjeld turlivet, både for den som vil gå, bada, spela frisbee eller trena. Men, ta gjerne...

Kom til Tau – Opplev Ryfylke

Kom til Tau – Opplev Ryfylke

Tau er kompakt og full av opplevingar. Mølleparken er juvelen. Eit turområdet rundt den gamle direktørvillaen som er fantastisk. Rett nedanfor blir det puffa ris, og på nokre steinkast bortanfrå der finn du litt av ein skule. Kva med leika seg i Superparken, eller...

Pin It on Pinterest

Share This