Tau er kompakt og full av opplevingar. Mølleparken er juvelen. Eit turområdet rundt den gamle direktørvillaen som er fantastisk. Rett nedanfor blir det puffa ris, og på nokre steinkast bortanfrå der finn du litt av ein skule. Kva med leika seg i Superparken, eller handla på det nyaste kjøpesenteret i Ryfylke eller overnatta i eit vassekte bryggerihotell. Tau er utgangspunktet for turar i nord og aust. Dessutan er det ein kort tur frå Stavanger. Ja gjennom Ryfylketunnelen er du i Strand kommune og Tau på eit lite blunk. Kom til Tau – opplev Ryfylke!
Meir informasjon om Tau og andre turmål i Ryfylke finn du på ryfylke.com og ut.no.
Strandadagane. Foto: Roar Larsen, Strandbuen