Kongen av kuben

jan 12, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Han er tømraren frå Ryfylke som lét seg freista av bier. Det enda med pris for Norges beste honning og ein søt smak på livet.

– Eg hadde ikkje tatt i ei bie før 2016. Då starta eg me ei bikube og friskt mot. I dag har eg 60 kuber og produserte 750 kilo med honning i 2020, smiler Bjørn Reidar Larsen frå Jørpeland.

Han har jobba 30 år som tømrar, men ville ha seg ei attåtnæring. Ja, ei ny hovudnæring med tid og stunder.
– Eg ville prøva noko nytt, noko eg faktisk kunne leva av. Folk sa jo «du kan ikkje leva av å vera birøktar». Då ville eg i alle fall bevisa at dette skal eg få til, konstaterer Larsen, som må seiast å ha hatt ein bratt lærings-, opplevings- og produksjonskurve.

Norges beste honning
Han både snekrar og produserer honning under enkeltpersonføretaket Farmeren.  Og nett nå ser det lyst ut med tanke på å bli birøktar eitt hundre prosent. Då er det ikkje feil å ta med seg tittelen Norges beste honning 2020 vidare i satsinga.
– Då eg fekk beskjeden om at eg hadde vunne NM-gull blei eg både imponert og rett og slett rørt. Eg har lagt så utruleg mykje arbeid ned i dette arbeidet, så eg … ja, eg synest nesten eg fortente sigeren, ler Bjørn Reidar Larsen.

Preikestolen honning frå Farmeren vann kategorien Fleirblomstra honning, der Larsen gjekk til topps blant 207 ulike honningtypar. Denne honningtypen er kategorien med flest deltakarar.
– Kort fortald kan du seia at fleirblomstra honning er det som ikkje er rein lynghonning. Men, her er det blanding av fleire haustblomar. Honningen min er krema, for då får ein rette fylden … Nei, nå høyrer eg at eg blir vel teknisk. Preikestolen honning er rett og slett knallgod. Ryfylke leverer, også på honning, skryt den ferske NM-vinnaren.

For Bjørn Reidar Larsen er det viktig å fortelja at han er frå Ryfylke. Han har då også honningkubar mange stader i regionen.
– Eg har kubar fleire plassar i Forsand, Strand og Hjelmeland. Når eg rører saman honning frå Forsand, Strand og Hjelmeland får eg den perfekte miksen, understrekar birøktaren, utan at det nødvendigvis skal vera noko biestikk til ein tidlegare diskusjon kring kommunesamanslåing.

Syng for biene
Farmeren har utsalsplassar på fleire lokale nisjebutikkar i Ryfylke, i tillegg til eigen nettbutikk.
– Dessutan har eg hive meg på REKO-ringen i Ryfylke. Det er eit veldig bra opplegg. Og eg skal produsera meir. Går alt som eg vonar, skal eg klara eit tonn med honning i løpet av 2021.

Bjørn Reidar Larsen er verken redd for å satsa eller tenkja høgt. Han er heller ikkje redd for å synga høgt.
– Andre røktarar spør meg korleis eg klarer å få så mykje honning ut av biene. Det er rett og slett fordi eg syng for biene.
– Song for biene? Kva syng du då?
– Det er stort sett songar om sol og sommar. Ja, og så kjærleik då. Eg syng mange av mine eigne songar for biene.

Bjørn Reidar Larsen er kjent som lokal vise- og poptrubadur på Jørpeland, med CD-utgjevnad på CV-en. Og i ei koronatid med få tilhøyrarar av menneskeleg art, har han i alle fall kunne sunge for hundrevis av bier i same slengen. Det har gjeve resultat.
– Så eg går for honning-gull i år også, legg farmar og birøktar Bjørn Reidar Larsen til.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This