Korona veltar truleg busslasset

jan 19, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Koronakrisa har sendt Finnøy Buss på randen av konkurs. Men, Bjørn Arvid Joakimsen har likevel ikkje mista lysten på å driva busselskap.

– Eg er redd me må kasta inn handkledet.
Bjørn Arvid Joakimsen er ærleg. Denne veka kan det bli kroken på døra for Finnøy Buss, selskapet han har drive sidan 90-talet.
– Me hadde ordreinngang på bussturar tilsvarande 18 millionar kroner i 2020. Det såg ut til å bli vårt desidert beste år. Ja, fire-fem millionar kroner meir i omsetnad enn i 2019. Vel, slik blei det ikkje, erkjenner Joakimsen trist, men fatta og oppreist.

Bank og kundar
Han innrømmer glatt at han er i ein skvis. Det er ikkje kjekt å måtte ta valet om å slå hjartebarnet konkurs. Men, han er ikkje besteven med banken i desse dagar, som i følgje Joakimsen ikkje vil gje såkalla leasing-fritak.
– Men, når du ikkje har bussturar, har du heller ikkje noko å betala det banken krev i månaden, kommenterer han.
– Og så har me passasjerar som me skuldar pengar. Dei treng pengane meir enn banken, slår Joakimsen fast. Busselskapet på Finnøy har årleg hundrevis av turar i inn- og utland. Fleire av turane i fjor skulle vore til det store pasjonsspelet i Oberammergau i Tyskland. Eit verdskjent spel som blir sett opp kvart tiande år. Folk valfartar til den vesle byen, også saman med Finnøy Buss.
– Me har brukt ein agent i Tyskland, som ikkje betaler tilbake dei to millionane me har betalt inn for hotell og opplegg. Dette er pengar me då skuldar kundane, og som me ikkje har. Men, om me slår Finnøy Buss konkurs, vil kundane få sine pengar gjennom Reisegarantifondet, fortel Bjørn Arvid Joakimsen.

Full stans og full restart
Finnøy Buss har 12 bussar, der åtte av desse er turbussar. Dei fire andre køyrer dagleg skuleruter på Talgje og Finnøy. Denne ordninga går sin gang. Dei åtte andre bussane derimot står stille.
– Og du veit, i ein bransje som slit, får du ikkje selt åtte bussar nå om dagen.
– Så korleis har dei siste ti månadene vore for Finnøy Buss?
– Det har vore grusomt og rett og slett meiningslaust. Det har vore trist og leit heile «driden», seier Bjørn Arvid Joakimsen, som er kjent for sin direkte stil.
– Staten sine kompensasjonsordningar har vore til hjelp, slik at me akkurat har fått betalt dei daglege utgiftene. Men, utan busskøyring og nedbetalingsordningar med banken, går det diverre ikkje lenger.
– Men?
– Eg har bestemt meg for å bretta opp ermane igjen. Eg har jo arbeidsfolk å tenkja på også.
– Så du vil satsa vidare?
– Eg misser ikkje gnisten. Når Finnøy Buss etter alt å døme blir slått konkurs, skal eg starta opp igjen. For ein plass der framme vil det jo snu.
– Med åtte turbussar?
– Eg får byrja med tre eller fire i starten. Me kan ikkje ta oss vatn over hovudet, avrundar Bjørn Arvid Joakimsen og drøymer om eit heilt anna type intervju om eit år.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This