Kva er jul i Ryfylke for deg?

nov 27, 2023 | Framside, Lite toppbilde, Nyhende, Ryfylkealliansen

Denne gongen lurte me på kva jul i Ryfylke er for deg?
Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få julestemninga på plass? Eller bare må du få med deg juletrefesten? Me fekk mange ulike svar på spørsmålet, både frå folk som bur i Ryfylke, dei som er student og skal heim på juleferie, dei som er utflytta Ryfylkingar, og dei som lengtar heim til Ryfylke.

Premiane er levert til vinnarane, gratulerer! Premiane var dørkrans frå Myhre Juletregard, gåvepakke med perlande eplemost frå OmCider, helg for to på Kløver Hotel, boka Jul i Ryfylke frå Ryfylkekokken og Ryfylke Livsgnist, juletre i glas frå Glasskjellaren, gåvekasse frå Gardsbutikken på Nærland, og gåvepakke og gåvekort frå Villa Rosehagen og Skafferiet Vågabakken.

Takk for alle premiebidrag, og takk til alle som var med på konkurransen! I juleutgåva av Ryfylkepuls kan du sjå kven som vant dei ulike premiane. 

Arkiv

Relaterte innlegg

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Søknadsfristen nærmar seg!

Søknadsfristen nærmar seg!

1.mars er fristen for å søkja om plass ved dei vidaregåande skulane, og i Ryfylke har me to av desse.  Strand vgs er ein skule som ligg sentralt på Tau i Strand kommune. Med visjonen "Det beste i den enkelte" er tilsette ved Strand vgs opptatt av og bevisste på å sjå...

Spring for livet

Spring for livet

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre.   Gjer deg klar for...

Pin It on Pinterest

Share This