Kva veit du om Ryfylke?

apr 29, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkequiz

Quiz deg til flotte premiar frå Ryfylke!

Kvart år kjempar 8.klassingane i Ryfylke i den store Ryfylkequizen. Ryfylkealliansen reiser rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. 8.klassingane får også eit innhaldsrikt pensum med ryfylkefakta ein bør kunna om ein vil stilla sterkt i Ryfylkequizen. Sjølve quizen føregår i to delar. Første del, i skulefinalane kjempar kvar skule internt til dei står att med eit finalelag. Dette finalelaget representerer skulen mot dei andre ryfylkeskulane i den store superfinalen på Forsand 2.juni.

Skulefinalane er allereie godt i gong, og jammen kan dei mykje, 8. klassingane! På våre nettsider får du fortløpande oppdateringar om skulefinalane etterkvart som finalelaga er klare.

Vil du testa dine eigne Ryfylkekunnskapar? Nytt av året er Ryfylke-nettquiz, ein kort nettquiz der du kan testa dine eigne ryfylkekunnskapar og vinna flotte premiar! Kvar tredje veke kjem det ut ny quiz på Ryfylke.no, så det er berre å pugge pensum og teste sine eigne ryfylkekunnskapar!

Eller er det berre å lade opp til den store superfinalen 2.juni på Forsand. Denne kan du få med deg live på våre nettsider.

Derfor: les pensum, test deg sjølv i nettquizen og gled deg til den store quizfinalen 2.juni!

Arkiv

Relaterte innlegg

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Pin It on Pinterest

Share This