Kven blir årets Pilt-Ola?

sep 16, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

I november er det nok ein gong klart for gjev prisutdeling, når årets Pilt-Ola pris skal delast ut. Men, kven skal få prisen? Det kan du vera med å påverka.

For fjerde året på rad skal Ryfylkealliansen dela ut denne prestisjetunge heidersprisen til ein person som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke. Vedkomande skal ha sett spor etter seg med å tenkja nytt og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Men, kven var Pilt-Ola? Namnet var Ole Olsen Sangesand (1779-1858), ein husmannsson frå Lysefjorden som hadde eit må for auge: skaffa folk betre levekår og nok mat. Han var grunder, entreprenør, nytenkjar og ein mann med eit stort hjarte og utolmodig sjel.

Pilt-Ola prisen er tidlegare delt ut til skyssbåteigar Jon Arne Helgøy (2017), Bjørn Moe ved Mo Laksegard (2018) og rikspolitikar Magnhild Meltveit Kleppa (2019). Men, kven får prisen under Ryfylkealliansen si storsamling Arena Ryfylke den 12. november? Kva ryfylking meiner du fortener å bli heidra i år? Send ditt forslag med eit kort grunngjeving til juryleiar Eirik Moe, på eirik.moe@mokleiv.no. Frist for innsending er torsdag 1. oktober.

Du kan lesa meir om Pilt-Olaprisen, tidlegare vinnarar og statuttane her.

Tre personar har så langt mottatt Pilt-Ola prisen, f.v. Bjørn Moe (2018), Magnhild Meltveit Kleppa (2019) og Jon Arne Helgøy (2017).

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This