Sander og Katrine stortrivst som lærlingar, på byggjetomta og i barnehagen. Og det er plass til mange fleire lærlingar i Ryfylke. Rytopp har 100 ledige læreplassar.

Foto: Anne Lise Lofthus.
To 18-åringar frå to ulike stader i Ryfylke. Ulike typar utdanningsval og ulike arbeidsplassar. Men, felles er gleda av å vera lærling nett der dei er.
– Eg har alltid hatt lyst å arbeida med barn. Eg blei tante då eg var ni år, og har sidan passa på ungar, flirer Katrine Utbjoa. Ho er attpåklatten i familien, med tre eldre brør.
Frå heimstaden på Ropeidhalvøya i Suldal tok ho turen innover til Sauda vidaregåande skule, og starta på utdanningsløpet barne- og ungdomsarbeidar hausten 2018. Nå er ho lærling på første året i Veslefrikk barnehage i Sauda.
– Eg stortrivst i barnehagen, der eg jobbar mest i avdelinga med eitt- og toåringane, fortel Katrine.
– Dei skal jo ha hjelp til alt. Det må vel vera stress?
– Ja, i desse dagar er det jo ein kamp kvar dag å få vottane på. Men, det er artig, ler Katrine.

Tømrar i blodet
Han kvitrar om kapp med vintersola, Sander Angelsen også. Han var med far sin, tømraren, som liten heime på Jørpeland. Nå går Sander same veg. Etter to år på tømrarlinje ved Jåttå videregående skole i Stavanger, er han på heimtraktene i Strand kommune igjen.
– Eg delar læretida mi mellom Ryfylke Trelast og Trefab. Då er eg både ute på byggjeprosjekt med Ryfylke Trelast, og jobbar inne på element- og modulfabrikken til Trefab på Jørpeland. Eg likar variasjonen, slår Sander fast.
I desse dagar jobbar han på den nye fleirbrukshallen på Jørpeland, som vil koma handballspelarar og andre idrettsinteresserte til gode. Tidlegare har han bygd både naust i Vervik og ein luksus arkitektteikna einebustad i Kjølevik. Snart skal han byggja einebustad på Tau.
– Eg likar både å vera ute og inne. Og ekstra kjekt å jobba med spesielle hus, slik som i Kjølevik.

100 ledige læreplassar
Bente Kjos Wenjum har ansvaret for å følgja opp både Sander og Katrine. Det gjer ho som opplæringskonsulent for Ryfylke Tverrfaglege Opplæringskontor, Rytopp. Rytopp har 90 medlemsbedrifter i heile Ryfylke, inkludert kommunane. Til ei kvar tid har Rytopp ansvaret for 120 lærlingar i Ryfylke.
– Nå er det lærlingane sin marknad. Me i Rytopp har 100 ledige læreplassar, påpeikar Bente Kjos Wenjum.
Spennvidda er stor. Men, spesielt bygg- og anleggsbransjen i Ryfylke ropar etter lærlingar.
– Dette er ein bransje som slit med å få tak i nok fagfolk. Då er lærlingane utruleg viktige med tanke på rekrutteringa. Derfor er det så bra at bedriftene innan denne næringa ønskjer å satsa så sterkt på lærlingar, understrekar Kjos Wenjum, og har eit lite hjartesukk:
– Det er tilbod om bygg- og anleggutdanning ved Sauda vgs. Me skulle gjerne hatt den utdanningsretninga også ved Strand vgs. Bransjen ser verkeleg behovet i både indre og ytre del av Ryfylke.

Foto: Anne Lise Lofthus.
Sosionom og ingeniør, kanskje
Katrine Utbjoa og Sander Angelsen treng derimot ikkje uroa seg. Dei er på rett hylle, kosar seg ved sine læreplassar, og er utdanna til sommaren 2022.
– Eg trur kanskje eg vil gå vidare på sosionomutdanning. Eg har eit stort hjarte for barn og ungdom som har det vanskeleg. Eg vil gjerne hjelpa, fortel Katrine og legg til:
– Men, eg må tenkja litt over det. Eg er ikkje så glad i å studera. Eg likar best å jobba. Vel, eg bestemmer meg etter læretida er over.
– Når eg er ferdig med læretida, vil eg jobba eit par år som tømrar først, forklarer Sander.
– Eg trur det er viktig med praktisk erfaring før eg eventuelt tar høgare utdanning. Då freistar det å bli byggingeniør. Og kanskje startar eg opp eiga verksemd ein dag, funderer Sander Angelsen og fører inn dagens arbeid i arbeidsloggen på appen frå Rytopp.
Snart kjem Bente Kjos Wenjum på synfaring for å følgja opp lærlingen.
– Både Sander og Katrine er utruleg dyktige lærlingar. Det er ei stor glede å få følgja desse og dei andre lærlingane i Ryfylke opp. Og me har altså plass til fleire, avrundar opplæringskonsulenten i Rytopp.