Dei er unge, ambisiøse og vil redda liv. Møt ungdomane som går på ambulanselinja på Sauda vidaregåande skule. Og det er eit nålauge å koma inn på Rogalands mest populære utdanning. I industriarbeidarbyen Åbøbyen skal dei feira ei heil langhelg, med både spel, parkopning og skråblikk. Denne gongen blir ingen trua med pryl … Saudabuen er ryfylkemeister i feiring og festivalar. Endeleg, etter to års pandemistopp, blir det Saudadagane. Dugnadsånda og kreativiteten har ikkje fått seg pandemiknekk i Sauda. I dagens Ryfylkepuls møter du også hotellsjefen som drive lengst i bransjen i Ryfylke. Og det er lenge sidan han var heime i eige hus. Det er all grunn til å få med seg den nyaste utgåva av Ryfylkepuls frå Sauda.
Eventyrlige Årdal
Du møter både folk, fe, eventyrfigurarar og skabelonar når du kjem til Årdal. Ja, snodige skabelonar, kva nå enn det er? Nå er det amerikansk vegkrosatsing, ryfylke-vertsskap på gardshotell og ungdom som har både klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og skikkeleg...