I Bjørheimsbygd blir det satsa innan landbruket. Møt ekteparet som har flytta frå Stavanger og bygd eit heilt spesielt fjøs i Bygdå. Og ikkje langt bortanfor er gardsarbeidet først og fremst kombinasjonen juletre og sauer. Opp mot heia er det gardsturismen som rår, og nye generasjonar engasjerer seg. Og bli med på barnegym i den gamle skulen i Bjørheimsbygd, sjølvsagt starta opp av ei kvinne frå ein gard. Her kan du sjå Ryfylkepuls frå Bjørheimsbygd i Strand kommune.
Jobb med meining … i Ryfylke
- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...